Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarstemning og fotballmoro i Bøfjorden

Elinor Bolme Sundag 16. august 2015

I helga har det vore storhelg i Bøfjorden, med program frå morgon til kveld. Laurdagen var også todalingar involvert i «underhaldninga». Knøttelaget var invitert til å spele minicup i lag med andre lokale lag, medan også G10 laget til Søya/Todalen spela ein kamp mot Bøfjorden sitt lag i same klasse.

Knøttelaget slit litt med manglande mannskap for tida, og reiste heimatt med tre strake tap. Humøret derimot vart ikkje nevneverdig berørt. Rett etter siste cupkamp var ferdig, bars det rett inn på grendahuset for litt kulturelt påfyll. Her hadde Bernt Idar Bøe sett saman eit variert program som fenga dei fleste i alle aldrar. Mange dyktige ungar entra scena og fekk vist fram både skodespelaren og songaren i seg.

Til slutt var det duka for returoppgjøret mellom Bøfjorden-Todalen i seniorklassen. Om det var varmen eller den overvektige huggormen som låg i innbyttarbenken til todalingane som gjorde utslaget skal ikkje seiast, men bøfjordingane vart hakket for sterke denne gongen også. Sluttresultatet etter ordinær tid vart til slutt 5-1. Karane gav seg ikkje med det, og måtte ta ein runde med starffekonkurranse heilt til slutt. Også denne tapa Todalen.

Under er eit stort bildegalleri frå ein aktiv laurdagsettermiddag i Bøfjorden. Ikkje alle bilda kjem fram med miniatyrmen dei kjem alle fram når du ser på kvart enkelt. Foto Elinor Bolme

Publisert: 16. august 2015, 23:18