Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norges Vels medalje til Ragnar

Jon Olav Ørsal Sundag 16. august 2015

Laurdag føremiddag var det høgtideleg overrekjing av Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje til Ragnar Halle. Ragnar fikk utmerkinga for lang og tru teneste hos L. Hals – han hadde 30 1/2 år s fartstid da han slutta og gikk over i pensjonistanes rekkjer 1. juli i år.  I Kaffekroken var det samla både kundar, politikervener og andre vener da Terje Nordvik overrekte utmerkinga og  heldt ein kort takketelae.

NorgesVel_Gjester_1269

Innbedne vener – frå venstre Sondre Ormset, Margrete Svinvik, Lilly Gunn Nyheim, Terje Nordvik, Ingvar Sæther, Ragnar Halle, Ingebrigt Moen og Palmer Vikan. Foto: Jon Olav Ørsal

Nybutikken på Kvennset vart bygd i 1983, og Ragnar har jobba der sia 1985 – og fram til 1. juli da han takka av som AFP-pensjonist. I statuttane for «Medaljen for lang og tro tjeneste» er meir enn ei gåve, – den er ei tradisjonsrik påskjønning som bedrifta kan nytte for å vise at den verdsett erfaring og stabilitet. To ordførarkandidatar og politikerkolleger var møtt fram og det vanka både klemmar og blomster frå Lilly Gunn Nyheim og Margrete Svinvik.

NorgesVel_Kunder_1272

Kaffe og marsipankake til alle denne dagen – Frå venstre Per reiten, Anders Todalshaug, Leif Egil Tørset, Marit Tørset, Johan Ørsal, Dordi Jorunn Halle og Hans Gundersen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ein humoristisk gjeng som var samla for å hedre Ragnar, og i løpet av føremiddagsstunda rakk gjengen å innom mange tema – men hovudtemaet vart sjølvsagt tunell-/brusaka, kommunereformen og så sjølvsagt fotball da.  Da Ragnar forstod at det var nokon slags overrekkjeing på gang, var han redd for at det var eit eller anna slags opplegg med Londontur og kampbiletter til kampen mellom Manchester United og Everton på gang – men det var altså medalje det dreide seg om.

Sjølvsagt er det blautkake og kaffe på slike dagar og både hovudperonen, innbedne gjestar og kundane vart trakterte i Kaffekroken utover føremiddagen.

Publisert: 16. august 2015, 06:45