Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2015

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Dametrimmen med utetrim

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mai 2015

Etter mange gode og helsebringande trimøkter i gymsalen gjennom haust og vinter er aktiviteten til dametrimmen no flytta utandørs. Torsdag kveld gjekk trimgjengen opp til Svinvikhammaren. Tretten damer var med på turen, og for mange av deltakarane var dette eit nytt turmål.


Stavgang og terrassekos på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mai 2015

Torsdag denne veka gikk stavgangturen til Todalen – nærare bestemt til Brusetmarka og Gammelfabrikken til Talgø. Over 30 deltakarar samlast ved Gammelfabrikken og gikk opp Falla etter gammelvegen – og vidare oppover til Tjønnmyran – til det nye lysløypeanlegget til Todalen idrettslag.


Kulturvandring på Kårvatn

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mai 2015

Kulturvandringa til Todalen historielag er i år lagt til Kårvatn. Det skjer 2. pinsedag, altså måndag 25.mai. Det er start klokka 12.00 frå plassen framfor Kårvatn fjellutstyr, Låven. Gudmund Kårvatn vil vere guide for oss. Han vil fortelje både om fortidsminne, nyare historie og om drifta på Kårvatn i dag.


Søndag: Trakturpulling på Halsanaustan

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mai 2015

Er du interessert i traktorar, store motorar og litt dieselrøyk – da er det plassen framfor Stornaustet på halsanaustan som er plassen, og det skjer førstkomande søndag frå 11-17. I fjor vart det arrangert taktorpulling på Halsa for første gong, og arrangementet samla rundt 1200 skuelystne den gongen…


52-17 – Søndagsturen til Rindalsskogen

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mai 2015

Komande søndag er det Rindalsskogen som står for tur.  Det er Rørvatnet Vel som er vertskap og turmålet er enten gapahusken i Liagrenda eller den litt lengre turen til Garbergfjellet.  Oppmøtet skjer Haugen gård kl 12.00, med avkjørsel fra FV65 rett ved HMH Interiørdesign og skiltet Grøsetvegen, kjør cirka 800 meter før du kommer til […]


Fin kveldstur til Hyllå og Pettlia

Dordi Jorunn Halle Tysdag 19. mai 2015

Måndagskvelden vart det retteleg fint vårver, og heile 24 personar vart med på kveldsturen til trimgruppa i Todalen idrettslag. Yngste deltakar var fem år og den eldste 80 år, så her var det riktig god aldersblanding!


Hommelvikingar på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mai 2015

Sjølv om det no er over femti år sidan Leif Halse pensjonerte seg og flytta frå Hommelvik til Levanger, lever minnet om han godt i Hommelvik. Måndag var seks hommelvikingar i Todalen for å finne opplysingar om Leif Halse. Dei stoppa opp ved Halsbua, og der kom dei i kontakt med karar frå kaffekroken. Der var det god hjelp å få, lokal kjentmann losa dei opp til skulen og fekk tak i Dordi Jorunn Halle frå Todalen historielag. Ho viste dei Gammelskulen og Halsesamlinga, og ho fortalde om Leif Halse og livsverket hans.


På topptur til Neådalssnota

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mai 2015

Skisesongen er ikkje heilt slutt enno, men du må oppi hågda litt for å nå brukbart skiføre etter kvart. Jorunn Nordvik og Nils Ove Bruset tok sist fredag ein tur til Neådalssnota for å runde av årets skisesong. Jorunn hadde med kamera, og har på oppfordring sendt oss nokre bilde frå turen som starta frå Kårvatn til fots. Skiføret nådde dei att på Dalasetra, og gikk på ski derifrå.


Nasjonaldagfeiring på Stangvik oppvekstsenter

Elinor Bolme Måndag 18. mai 2015

Også ved Stangvik oppvekstsenter var det tradisjonell 17. maifeiring i går. Her var desverre manko på musikk, tross iherdige forsøk frå komiteen fram mot dagen. Men, toget gjekk for det, og mange var møtt opp til nokre trivelege timar i lag. Store, små, gamle og unge.


Folketog, korpsmusikk og tale for dagen – ein aktiv ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Det vart berre ein kort pause etter biltog og frukostarrangement, før ettermiddagsøkta fortsette med gudsteneste, folketog med hornmusikk og tale for dagen. Sokneprest Bernt Venås kom med prestekjolen under handa – rett frå gudsteneste i Åsskard. Men til avtala tid – kl 14 – var han i gang med gudstenesta i Todalen kyrkje. Vidare utover dagen gikk det slag i slag, med kransnedlegging på bautaen, folketog, middag – og til slutt tale for dagen.


Inviterte bygdefolket på frukost – og dem kom!

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Fotballgruppa i Todalen idrettslag har i fleire år invitert sine sambygdingar til frukost etter biltoget – og før folketoget. Som oftast skjer dette på Bordholmen i friluft, men Ungdomshuset er backup i tilfelle dårleg vêr. Vêrmeldinga i går varsla kanskje ikkje noko vesentleg nedbør, men temperaturmeldinga på yr.no hadde ikkje meir enn 4-5 varmegrader å by på. Med litt vind i tillegg hadde det nok vorte surt på Bordholmen – difor vart frukosten i år i ungdomshuset.


Biltoget markerte starten på feiringa i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Vi mista for teljinga på antalet med deltakarbilar i årets biltog, men eit 60-tal bilar var nok med – og som tradisjonelt hadde start ved Halsbua og oppover bygda til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der var det ein kort pause før togen fortsette nedover att til Todalen ungdomshus, der Todalen I.L. inviterte alle sambygdingar til frukost etterpå.