Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biltoget markerte starten på feiringa i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Vi mista for teljinga på antalet med deltakarbilar i årets biltog, men eit 60-tal bilar var nok med  – og som tradisjonelt hadde start ved Halsbua og oppover bygda til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der var det ein kort pause før togen fortsette nedover att til Todalen ungdomshus, der Todalen I.L. inviterte alle sambygdingar til frukost etterpå.

Det var i år mange artige innslag i biltoget, og mange hadde pynta bilane sine med nyutsprunge bjørkelauv og sjølvsagt var det mange flagg å sjå på ein slik dag. Mest oppmerksomheit fikk nok Lars Kvendset med si nysnekra «vømmølbu». Her var det både elektronisk og levande musikk – vømmølmusikk i stereoanlegget, men også trekspellmusikk – med ein liten minikonsert som brorsonen Hallvard sørga for under pausen på Gammelfabrikken. Russen var også med – to russebilar stillte på startstreken og vart med på runden rundt bygda.

Nedafor har vi samla nokre bildeglimt frå biltoget på turen rundt bygda – på veg til ungdomshuset.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 17. mai 2015, 11:54