Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folketog, korpsmusikk og tale for dagen – ein aktiv ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Det vart berre ein kort pause etter biltog og frukostarrangement, før ettermiddagsøkta fortsette med gudsteneste, folketog med hornmusikk og tale for dagen. Sokneprest Bernt Venås kom med prestekjolen under handa – rett frå gudsteneste i Åsskard. Men til avtala tid – kl 14 – var han i gang med gudstenesta i Todalen kyrkje. Vidare utover dagen gikk det slag i slag, med kransnedlegging på bautaen, folketog, middag – og til slutt tale for dagen.

Sokneprest Venås starta si preike med å skryte av salmesongen i Todalskyrkja, og «Fagert er landet» frå ei nærast fullsett kyrkje er da mektig – iallfall når ein står på preikestol kan ein godt tenke seg. Temaet for dagens preike var 17. mai sett i samanheng med fridom, demokrati og likeverd. Ei god preike til ettertanke!

DSC_7764

ved krigsminnebautaen framafor kyrkja. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta var det kransnedlegging utafor kyrkja. Varaordførar Eivind Hasle la ned krans på krigsminnebautaen på vegne av Surnadal kommune. I sin tale minna han på kor viktig det er å minnast dei som dei som tok del i krigen og kor viktig det er å ta vare på freden og fridommen vi har.

Etterpå var det folketog frå kyrkja til skulen, også denne gongen med flott hornmusikk. Det er imponerande at ein frivillig gjeng med ”gamle” korpsmusikarar stiller opp år etter år og sørgjer for korpsmusikk i toget, og det var skikkeleg svong i musikken dei serverte oss.

I skulen var det klart for servering av sodd. Mange hadde nok ikkje fått tid til mat sia fellesfrukosten på formiddagen og det smakte nok godt. Vidare var det allsong og kaffe, før Sondre Ormset runda av programmet med sin tale for dagen som hadde grunnlovas betyding som hovudtema, og minte at vi jubilerte både for freden i 1945, unionsoppløysinga i 1905. Samtidig minte han oss på kor viktig det er at vi ikkje blir for gjerrige overfor notidas flyktningar frå Midtausten og andre plassar som kjempar for fridomen sin.

 

Publisert: 17. mai 2015, 18:56