Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturvandring på Kårvatn

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mai 2015

Kulturvandringa til Todalen historielag er i år lagt til Kårvatn. Det skjer 2. pinsedag, altså måndag 25.mai.  Det er start klokka 12.00 frå plassen framfor Kårvatn fjellutstyr, Låven. Gudmund Kårvatn vil vere guide for oss. Han vil fortelje både om fortidsminne, nyare historie og om drifta på Kårvatn i dag.

Turen går frå garden og innover mot Sommarfjøsbrua, her passerer vi mellom anna gamle brukar, ishuset og saga.  Frå Sommarfjøsvollen går vi på austsida av Nauståa mot Nauståfossen. Der får vi høyre om det gamle kraftverket. Derifrå går vi utover mot garden igjen om hyttefeltet. Her vil vi passere det som ein gong var husmannsplassen Dalalia, og så Dalahaugen, ein av dei best bevarte husmannsplassane på Nordmøre.

Bilete nr 1

Dalahaugen – foto: Hordi Jorunn Halle

Vandringa går i fint terreng, ikkje brattlendt, men det er lurt å ha gode turskor og klede eter veret. Det blir pausar undervegs, så det kan vere kjekt å ha med nistepakke, drikke og sitjeunderlag. Butikken på Kårvatn blir open. Der kan det også bli høve til på kjøpe drikke og kanskje noko å bite i.

Dersom nokon treng skyss frå bygda og opp til Kårvatn, kan de ta kontakt med John Moe – telefon 92 04 88 56 – eller med Dordi Jorunn Halle – telefon 92 45 80 07. Vi trur at dette vil bli ein riktig interessant dag, og alle er velkomne til å bli med på kulturvandringa vår!

IMG_1377

Utsikt innover elva frå butikken. Foto: Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 21. mai 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 24. mai 2015, 00:23