Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dametrimmen med utetrim

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mai 2015

Etter mange gode og helsebringande trimøkter i gymsalen gjennom haust og vinter er aktiviteten til dametrimmen no flytta utandørs. Torsdag kveld gjekk trimgjengen opp til Svinvikhammaren. Tretten damer var med på turen, og for mange av deltakarane var dette eit nytt turmål.

IMG_5222

Høgt og fritt med utsikt i mange retningar. Foto: Dordi Jorunn Halle

Oppe på Svinvikhammaren er det retteleg fin utsikt, og der står det ein god kvilarbenk. Eit flott turmål, og stien er merka frå Damvegen. Vi sakna kveldssola, for det ville nok ha sett ein ekstra spiss på turen.

Til hausten startar trimmen opp att inne, instruktør Turid Hals Sæther har sagt ja til ein ny sesong –  det er trimmarane riktig glade for!

IMG_5208

Målet er nådd. foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_5203

Sein vår – vi kom opp i snøen. Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_5198

Blide trimdamer på tur opp Damvegen, Ingrid, Dordi og Sigrun. Foto: Dordi Jorunn Halle

 

Først publisert: 21. mai 2015, 23:08 - Sist oppdatert: 22. mai 2015, 10:38