Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nasjonaldagfeiring på Stangvik oppvekstsenter

Elinor Bolme Måndag 18. mai 2015

Også ved Stangvik oppvekstsenter var det tradisjonell 17. maifeiring i går. Her var desverre manko på musikk, tross iherdige forsøk frå komiteen fram mot dagen. Men, toget gjekk for det, og mange var møtt opp til nokre trivelege timar i lag. Store, små, gamle og unge.

Her var det servering av både pølser i brød, god gammaldags kjøttsuppe med loff og blautkaker til kaffeen. For ikkje å glømme isen, kanskje den viktigaste næringskjelda for mange små ein slik dag.

Dagens tale var det ordførar Lilly Gunn Nyheim som serverte. Ho tala naturlegvis litt om dei historiske hendingane som den seinare tid har vore markert. For 2015 er eit historisk år!  75 år er no gått sidan Norge vart okkupert av Tyskland.  Og den 8. mai i år var det 70 år sida kampen mot nazismen vart eit faktum, og Norge saman med sine allierte vann krigen.  Behørig markert også i Surnadal kommune.

Ho tykje det er viktig at dei oppveksande generasjonar fortsatt bevarar kunnskapen om andre verdenskrig. Både når det gjeld kva krigen dreidde seg om, og ikkje minst kva for konsekvensar den hadde for folket i Norge og i resten av verda. Ikkje berre skulen, men også vi alle vaksne, er ansvarlege for å bevisstgjere dagens unge om dette. Takknemlegheit er eit stikkord som vart nemt ved fleire anledningar; Over for dei som har kjempa før oss, og ikkje minst at vi bur i eitt av verdas beste land, med alt det ber med seg!

Under er eit lite bildegalleri frå festdagen til kveinnalendingane. Alle foto: Elinor B

Først publisert: 18. mai 2015, 05:00 - Sist oppdatert: 17. mai 2015, 22:52