Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte bygdefolket på frukost – og dem kom!

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Fotballgruppa i Todalen idrettslag har i fleire år invitert sine sambygdingar til frukost etter biltoget – og før folketoget. Som oftast skjer dette på Bordholmen i friluft, men Ungdomshuset er backup i tilfelle dårleg vêr. Vêrmeldinga i går varsla kanskje ikkje noko vesentleg nedbør, men temperaturmeldinga på yr.no hadde ikkje meir enn 4-5 varmegrader å by på. Med litt vind i tillegg hadde det nok vorte surt på Bordholmen – difor vart frukosten i år i ungdomshuset.

Komiteen hadde dekt på til rundt 130 gjestar i går kveld, men til dagens frukost kom det rundt 170 – med stort og smått. Det kosta ein hundrelapp for vaksne, medan borna gikk gratis. Det vart etter kvart hektisk for frukostkomiteen, men det vart nok mat til alle – fra eit rikhalding og fristande frukostbord.

Dette er eit populært og ikkje minst sosialt tiltak som folk sett stor pris på – og for oss i fotballgruppa blir det ein bra inntekstpost, seier Knut Bergli som er leiar i fotballgruppa og primus motor for frukostserveringa.

Bildeglimt frå 17.-frukosten i Todalen ungdomshus – bildetekster kommer etter hvert.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. mai 2015, 13:12