Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2015

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 712345...Siste »

Triveleg familiedag i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Søndag 31. mai 2015

Søndag var det familiedag og treff i Skulstuå, fortel Line Marie Kvendset, som har sendt oss bilder frå samlinga. Det var tilsaman 20 deltakarar som var samla til forskjellige aktivitetar for store og små på ein elles regntung dag…


Velfortjent Kleivapris til Fredrik Sjøflot

Jon Olav Ørsal Lørdag 30. mai 2015

Sjølv om kanskje Arve Tellefsen og Isa Katharina Gericke var dei mest prominente gjestane på årets Kleivakveld, så var det mesta rørande når Fredrik Sjøflot (87), som er musikkens «grand old man» i Surnadal, fekk Kleivaprisen. Og det var jammen velfortjent, for Fredrik har hatt ein finger med i spelet i alt som har dreid seg om musikk i Surnadal gjennom «alle tider». I snart 70 år har han vore korpsmusiker – det er ein rekord som blir vanskeleg å slå.


Jeger og fisk med kart og kompass- og skyteopplæring

Jon Olav Ørsal Lørdag 30. mai 2015

Surnadal Jeger- og fiskeforening inviterer til opplæring i bruk av kart og kompass og til nybegynnerkurs i jaktskyting. Dette er ting som kan være nytting å kunne, enten du har tenkt deg på jakt eller om du berre vil ut i naturen og vil være trygg på at du skal finne hjem igjen – eller tilbake til hytta om du blir overrasket av dårlig vær.


– Med Smøla som turmål

Vidar Sogge Fredag 29. mai 2015

Torsdag 28. mai kl. 8.50 starta 38 deltakarar frå Surnadal Pensjonistlafg frå Kulturhuset på Skei, med Smøla som turmål. Olav Jostein Holten var turleiar, og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør. I lettskya vårvêr ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10 som planlagt. Frå Arasvika går turen over Ertvågøya, og på bortsida av Foldfjorden kan vi sjå garden til eksordførar, no pensjonist, Knut Bårdset. I fjor var det han som var kjentmann på pensjonistturen vår til Aure og Kyrksæterøra.


52/17: Søndagsturen til Engdalen

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2015

Denne helga går søndagsturen til Engdalen i Halsa kommune, der det er oppmøte ved Saltrø grendehus som ligg mesta på grensa til Hemne. Da kjrer du til Betna, og følgjer E39 vidare utover og over Valsøytbrua etter nyvegen til Engdalen. INFORMASJON FRA 52-17 SØNDAGSTUREN Turnavn: Gåtur fra Saltrø grendahus til Engdalen – søndagstur i «grenseland»            […]


Vårsøghelga i full gang

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2015

Vårsøghelga starta torsdag, og er alt i full gang med eit allsidig program som går fram til søndag kveld. Nytt av året er at Vårsøghelga og pinsehelga har «skilt lag», men nytt er også at Kleivakvelden er lagt til laurdag kveld kl 18, og ikkje fredag kveld som tidlegare.


Låtskrivere slår leir på Todalshytta – avslutter med konsert

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mai 2015

Todalshytta åpner for sesongen den 15. juni, men tjuvstarter allerede i månedsskiftet, når en gjeng låtskrivere gjør sitt inntog for å finne inspirasjon på Todalshytta og i todalsnaturen. Det er nok smart å finne inspirasjon i nabolaget til Hyldbakk og Sommero, som tross alt er bakmennene til klassikeren ”Vårsøg”, seier Eric Malling, som er vertskap på Todalshytta. Dette er et samarbeid mellom Todalshytta, NOPA og GramArt som har bidratt med økonomisk støtte til prosjektet som altså foregår på Todalshytta den første uken i juni.


Ikkje riktig årsbeste

Elinor Bolme Torsdag 28. mai 2015

Mannskapet på G10 Søya/Todalen spela i går kveld kamp på Bordholmen mot erkerival Surnadal. Det vart dessverre tap for dei lokale gutane, da Surnadal var hakket meir effektiv framfor mål. I følge Surnadal vart resultatet 5-24, men det treng kanskje ikkje vere fasiten. Søya/Todalen er eit blanda lag, med både 9 og 10 åringar.


Månadens bilete: Malttørkaren

Ole Petter Talgø Torsdag 28. mai 2015

For april kan vi endeleg gratulere Lars Redalen som vinnar av månadens bilete med «Malttørkaren». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Det er også straks klart for avstemninga for mai, så følg med neste veke.


Familiedag i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. mai 2015

Søndag 31. mai er det klart for ny familiedag i Skustuå. Her er det ope hus frå kl 12.00 til kl 15.00 melder Line M. Kvendset til Todalen.no, som fortel at det blir teiknekrok for og uteleik for ungane.  Alle er velkomne til ein triveleg formiddag og ein triveleg prat over ein kopp kaffe – og […]


Blide fotballjenter pyntar opp til sesongstart

Dordi Jorunn Halle Tirsdag 26. mai 2015

Åtte blide fotballjenter stilte tysdag kveld opp til dugnad på Todalshytta. Der var det uteområdet som skulle ryddast og ordnast før storinnrykk til helga. Det var raking av plen, luking av bed, uttrilling av bork og plenslåing. Heldigvis hadde jentene god hjelp av dyktige foreldre.


Svorka – ein viktig bidragsytar lokalt

Elinor Bolme Tirsdag 26. mai 2015

Svorka kan presentere et årsresultat for 2014 som er godt i historisk sammenheng, på tross av sterkt redusert kraftproduksjon og lavere inntektsramme. Dette er et resultat som kommer eierkommunene Surnadal, Rindal og Halsa til gode, skriv Svorka i si pressemelding i dag.


Side 1 av 712345...Siste »