Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsøghelga i full gang

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2015

Vårsøghelga starta torsdag, og er alt i full gang med eit allsidig program som går fram til søndag kveld. Nytt av året er at Vårsøghelga og pinsehelga har «skilt lag», men nytt er også at Kleivakvelden er lagt til laurdag kveld kl 18, og ikkje fredag kveld som tidlegare.

Det er eit allsidig jubileumsprogram og stor aktivitet gjennom dei fire dagane, og her kan du sjå programmet for heile Vårsøghelga 2015.

Laget Vårsøg med Henning Sommerro i spissen inviterer til ein minnerik Kleivakveld, der dei mellom anna kan by på Arve Tellefsen, John Pål Inderberg, Isa Katharina Gericke, Fjord og Fjell og Jimu Makurumbandi, samt  Vårsøgdikt og Kleivapris.   Du kan kjøpe billettar på Billettluka – kr 250 (vaksne), kr 100 (born) og kr 500 (familie, 2 vaksne og 2 born) – det er og sal på vegen opp til Kleiva.

 

Publisert: 29. mai 2015, 11:57