Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje riktig årsbeste

Elinor Bolme Torsdag 28. mai 2015

Mannskapet på G10 Søya/Todalen spela i går kveld kamp på Bordholmen mot erkerival Surnadal. Det vart dessverre tap for dei lokale gutane, da Surnadal var hakket meir effektiv framfor mål. I følge Surnadal vart resultatet 5-24, men det treng kanskje ikkje vere fasiten. Søya/Todalen er eit blanda lag, med både 9 og 10 åringar. Surnadal derimot har såpass mykje mannskap å ta av, at dei kunne stille med eit reint 10-årslag. Dette var nok utslagsgivande denne gongen.

 

kiosk bordholmen

I kiosken hadde ekteparet Kvendset Bergli full kontroll på bakelssteikinga, og serverte naturleg vis smørgraut til publikum og spelarar etter kamp. Foto IL Søya

Dette er den aller første seriekampen for aldersbestemte lag spela på Bordholmen i år, og antall publikummarar var rett så godt. Banen er også i tipp topp stand, så den er eit fint alternativ til bruk av alle aldersbestemte lag for Søya/Todalen framover.

Publisert: 28. mai 2015, 05:07