Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7044 artiklar i dette arkivet.


Bra respons på lokal handledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. oktober 2022

Det var mange som stakk innom på den lokale handledagen på Matkroken sist laurdag.  Matkroken Todalen er ein av dei tre butikkane i Surnadal kommune som er med i Merkurprosjektet. Matkroken Todalen markerte dagen med gratis kaffe og både marsipankake og graut og bakels – noko som var sett stor pris på av kundane. 


Konsertkveld med kulturell påfyll

Jon Olav Ørsal Fredag 14. oktober 2022

Det var sokneråda i Todalen og Stangvik som stod som arrangør av konsertkvelden i Stangvik kyrkje fredag kveld. Soknerådsleiar Rannveig Brøske sa det så rett, at ein slik kveld trong vi no!  Det er så lenge sia sist vi har hatt slike arrangement og det var godt med publikum i kyrkja. Bernt Bøe hadde regien på programmet, og hadde med seg P17-koret, men han hadde i tillegg fått med tenoren Harald Bjørkøy, barytonsongaren Svein Volle og komponisten Ole Karsten Surndlisæter på orgel og piano – og ikkje minst allsongen. 


Stor givarglede på sanitetsbasaren – med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. oktober 2022

Tysdag kveld var det stor givarglede da Todalen Sanitetsforening arrangerte sin årlege basar. Berre på førehandssalet kom det inn godt over 22.000, og i tillegg kom det inn mykje på kveldens basar.  Maren Ansnes som er leiar i i foreninga rosa sambygdingane og tykte dei var rause til å støtte den gode saka til Sanitetskvinnene.


Konsertkveld i Stangvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. oktober 2022

Klassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje.  Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg,
gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen». Det skjer altså i Stangvik kyrkje fredag 14. oktober kl 19:00.


Trimgruppa kjem med julekalender i år

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2022

Siste nytt frå Todalen idrettslag er faktisk at trimgruppa kjem men eigen julekalender i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i TILs trimgruppe.  No frir dei til alle kreative og nævenyttige sjeler om å være med å bidra med gevinstar til den nye julekalenderen.  – Vi ser for oss heimlaga og kortreiste gevinstar […]


Vegarbeid – omkjøring i Falla i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2022

Måndag pågår det arbeid med legging av nye stikkrenner på Dalavegen.  Vegen er stengt for gjennomkjøring i Falla, og det er difor opna for omkjøring etter gammelvegen som går opp forbi Gammelfabrikken og dammen – denne vegen kjem inn på Dalavegen oppi Falla eit stykke.  Gammelvegen er delvis grasgrodd, og du blir difor oppfordra til å kjøre forsiktig i den bratte skråninga forbi dammen.


Stor interesse for kunstutstillinga i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2022

Det var «fullt program» i Svinviks arboret søndag – først var det foredrag om rømte rhododendron, avløyst av ein kort kaffepause med eplekake og vaniljekrem, og til slutt var det opning av kunstutstilling i fjøset som høyrer til arboretet.   Det er Sissel Halset Storslett som har separatutstilling der, og heile 26 kunstverk prydar veggane i fjøset. 


Rhododendron – fin, men ikkje så troskyldig

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2022

Kva gjer du når framande og innførte planter forvillar seg ut i naturen.  Sist søndag inviterte Svinviks arboret til foredrag om akkurat dette temaet, og Dancan Halley sette fous på akkurat dette temaet når det gjelder Rhododendron.  «Invasiv rhododendroni Norge – hybridisering, tilpasnin, utbrudd og tiltak» var tittelen på foredraget, og det høyrest vidløftig ut.  Men enkelt sagt så dreier det seg om kva strategi ein kan ha og kva tiltak ein skal sette i verk for å hindre at rhododendron skal spreie seg ut i naturen.


Allsidig dag med både kunst- og fotoutstilling

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2022

Søndag blir det ein allsidig dag i Svinviks arboret, da Sissel Halset Storslett inviterer til separatutstilling i det gamle fjøset.  Til saman stiller ho ut 26 kunstverk, der det er store variasjonar i motiv og materialbruk. I tillegg er det høve til å sjå fotoutstillinga til  Jörg Brunke, med tema «store lille verden».  Arrangementet startar med at Duncan Halley frå NINA held eit interessant foredrag om bekjemping av forvilla rododendron.  Altså litt for ein kvar smak denne dagen, der foredraget startar kl 13:00 og salsutstillinga byrjar  kl 14:30.


Saniteten: Kjøp lodd og bli ein vinnar

Jon Olav Ørsal Fredag 7. oktober 2022

Årets store Sanitetsbasar er like rundt hjørnet – det vil med andre ord seie tysdag kveld den 11. oktober – i Sanitetshuset på Kvennset.  I dag, fredag og i morgon, laurdag er det førehandssal av lodd på Matkroken Todalen, og det føregår i opningstida.   I dag var det Maren Ansnes som var på plass med loddboka da vi var innom butikken. 


Finale: – sesongslutt med stavgang til Øygardshalsen

Sverre Kjølstad Torsdag 6. oktober 2022

Værutsiktene var ikke de beste i dag, hvor regnelingene gjekk ganske tett. Likevel var det 28 spreke pensjonister som trosset værgudene, og la trøstig i vei mot Øygardshalsen. Alle var godt kledd for værforholdene, og merkelig nok ble det ikke så ille som vi fryktet, med bare noen lette regnbyger underveis.


I dag startar haustsalet ved Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. oktober 2022

I dag startar tradisjonelt haustsal ved butikken på Kårvatn – det skjer for å frigjere plass til nyheiter som er på veg inn.  No skal lagret og butikken ryddast, og det er særdeles mange godbitar til sterkt reduserte prisar! Mykje klede, sko, turutstyr, skiutstyr…. Vi opnar haustaget i butikken i morgon!!  – Men utvalet finn du også […]