Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No vil dei gje seg – etter 20 år

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mars 2023

Etter 20 års med arbeid for bebuaranes trivsel og velferd vil Liv Botten og Borghild Husby Kvande overlate roret i Surnadal demensforening og helselag til andre.  Torsdags kveld var dei med på siste arrangement i denne omgangen – hyggetreff med gruppa «Invalidos.  Kvar månad har dei og resten av gjengen i demensforeninga hatt eit eller fleire arrangement for bebuarane på sjukeheimen – dei fleste i kantina på sjukeheimen.

Kantina på sjukeheimen var arena for hyggetreffet som denne gongen hadde besøk av gruppa Invalidos. Foto Jon Olav Ørsal

Denne kvelden var det som sagt gruppa «Invalidos» som sørga for underhaldninga – dei er 8 vaksne karra som trivs i kvarandres selskap og trivs med å underhalde andre som likar musikken deira.  Det er slett ikkje første gongen dei underheld her saman med demensforeninga – heller truar dei med at dette er avskjedskonserten deira.  – Men det trur vi ikkje på, for det er da vel slik som når sirkusartistar kjenner sagmugglukta – så livnar dei til.  Dei held da på og blir ein vaksen gjeng, frå vel 60 og oppover til Johannes Holten som feira 91 år for nokre dagar sia.  Men Johs, han held koken, seier Jon Bjarne Husby som er primus motor og «impresario» for gruppa.

Invalidos – musikkgruppe som likar musikk og kvarandres selskap. Frå venstre Ola Baardset, Anders Moen, Hroar Kvande, Johs Holten, Erling Murbostad, Jon Bjarne Husby, Erik L. Moen og Gudmund Husby – 8 mann i talet. Foto Jon Olav Ørsal

Men det dreier seg slett ikkje om noko 20-årsjubileum for Surnadal demensforening og helselag har halde det gåande sia 1910, fortel Liv Botten som no er avtroppande leiar.  Den første tida var foreninga kalla «Foreningen for frivillig sykepleie i Surendalen».  Liv kan skilte med medlemskap sia 1974, og har mellom anna vore kasserar ein periode.  – Liv og Borghild kom inn i styret i 2003 i samband med at dei var pårørande til bebuarar ved sjukeheimen.  Sidan den gongen har det rulla godt og skjedd mykje rundt dei to og resten av styret som har veksla i perioden. 

Bente Mogstad og Eva Heggset førebur kaffelag – sjokoladekake til kaffen denne kvelden. Foto Jon Olav Ørsal

Det har imidlertid vore ei utfordring å skaffe leiar til foreninga.  Liv flytta til Børsa for nokre år sia, og tenkte da å gje seg som leiar.  Men slik gjekk det ikkje, og Liv har dei siste åra «fjernstyrt» foreninga frå Børsa – eller rettare sagt så har det vorte mange turar mellom Børsa og Surnadal i denne perioden, for Surnadal demensforening og helselag har heldt koken også i denne perioden.

Gratislotteri var ein del av hyggekvelden i kantina – Eva Heggset etterlyste vinnarnummeret. Foto Jon Olav Ørsal

Triveleg var det iallfall med hyggetreff i kantina, der mange av bebuarane hadde funne sin plass.  Invalidos innleia konserten med «Jularbos brurevals», og sia gjekk det slag i slag med «de Nære ting» og både husmannspolka og midnattstango  – og sjølvsagt vart det tid til ein kaffepause med sjokoladekake før Invalidos fortsette avskjedskonserten, som kanskje ikkje var nokon avskjedskonsert. 

Etter konserten konstituerte det nye styret seg – framleis har dei problem med å få nokon til å ta leiarvervet, men styret ser no slik ut:   Bente Mogstad, Eva Heggset, Aashild Settemsdal, Hans Torslett, Lilly Gunn Nyheim, Nora G. Holten (kasserar), Mari-Ann Fiske (sekretær) og vara til styret Åse R. Holten og Liv Botten.

Publisert: 17. mars 2023, 09:51