Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom deg ut på trim – oppdatert til fjells

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mars 2023

Fredag morgon med glinsande sol frå blå himmel – få på deg godt med klær og kom deg ut i finvêret!  Todalen Idrettslag har sørga for at det er køyrt på spor – både fotspor og skispor i Toåa Tursti – her kan du registrere både TIL-trim og StikkUT vinter.  I tillegg er det nye fine skispor i lysløypa på Tjønnmyran, melder TIL.  

I Toåa tursti er det køyrt på spor både til fotgjengarar og skigjengarar – valet er ditt! Det blir også køyrt på spor frå Innerdalsmerket så snart det blir skuterføre. I dag er det alt for mye løs snø. Foto Jon Olav Ørsal

Vi antyda at løyper til fjells først ville kome seinare, men i løpet av dagen har også dette vorte ein realitet.  Det er på tampen av dagen køyrt på spor frå Innerdalsmerket, til Tristeinan og utover til Skihytta på Ørsalfjellet og nedatt om Øyalia til Ungdomshuset.  Det er fint føre og du kan sjølv bestemme om du vil gå Kleivhauan eller Øyalia og her er det altså muleg å gjera rundtur – eller tur/retur. 

Sjølvsagt kan du også gå der du vil – uten påkjørte løyper – det bestemmer du sjølv.  Men uansett så er det viktig at du passer det for rasfaren dersom du skal ferdast i fjellet slik som tilhøva er no.

Øyabrona – skutersporet som går opp Øyalia og vidare til Skihytta – Snøfjellet i bakgrunnen. Foto John Moe/Todalen I.L.

Publisert: 9. mars 2023, 10:32