Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen I.L. – styret fikk fornya tillit

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mars 2023

Styret fikk fornya tillit da Todalen I.L. arrangerte årsmøte i ungdomshuset onsdag kveld.  Elinor Bolme forset som styreleiar, medan Jenny fikk 2 nye år som kasserar.  Med seg i styret har dei to Endre Talgø som er nestleiar som har eit år att, og Turid Sæter som har eit år att som sekretær.  Justina Krajewska er ny leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Bjørn Gunnar Ansnes har eit år att som leiar i Økonomi- og marknadsføringsgruppa,  Sissel Halset Storslett har eit år att i Trim og allidrettsgruppa, og Lars Stensby har eit år att som leiar i Anleggsgruppa- drift og vedlikehald.  

Årsmøtet starta med årsmelding frå hovudstyret og frå alle gruppene.  Det var faktisk imponerande å høyre på oppsummeringa av aktivitetande som har gårr føre seg i alle gruppene gjennom det siste året.  Det var ei lang oppsummering og dokumentasjon av ein kjempestor frivillig innsats i idrettslaget.   Sjølv om idrettslaget ikkje har eit einaste fotballag å skilte med, så er det stor aktivitet og mykje som aktivitetar for medlemane gjennom heile året.  Samtidig er det lagt ned ein stor innsats for å ta vare på anlegga som idrettslaget driftar – først og fremst Bordholmen stadion, men også lysløypa på Tjønnmyran, skihytta på Ørsalfjellet og ikkje minst ungdomshuset som laget driftar.  

Økonomien er også på stell i laget, for Todalen I.L. har halvannan million på bok, og årets rekneskap kom ut med ein pluss på 100 000.  Økonomien har vore god i laget sia slutten av 1900-talet, da fleire av Todalshelgane fylte opp kontoane i tilleg tilø store investeringa som nytt klubbhus og nytt lagerbygg på Bordholmen.   Men sjølv om laget i dag ikkje klarer å stille eigne fotballag, så er det eit godt samarbeid med IL Søya og Surnadal IL som lag i aldersbestemte klassar.  Størst aktiviteten er det faktisk i Trim- og allidrettsgruppa, som kan skilte med heile 13 817 trimturar som er registrert i det digitale registreringssystemet. I tillegg kjem mange reistreringar i StikkUT -turane til Friluftsrådet.  

Resten av styret i Todalen I.L. frå venstre Endre Talgø, nestleiar, Bjørn Gunnar Ansnes leiar i Økonomi- og marknadsgruppa og Jenny Stensby, kasserar. Foto Jon Olav Ørsal

Sakene som ga mest debatt var faktisk styrets forslag om å bygge om klatrerommet i reiskapshuset til aktivitetsrom.  Laget er ikkje lenger godkjent for å drifte klatrerommet, så det vil være fornuftig å få anna bruk på det rommet. Dette vart einstemmig vedteke.  Meir debatt vart det om styrets forslag til å skrinlegge investeringa i nærmiljøanlegg på Bordholmen.  Dette er det alt innvilga midlar til og her gikk årsmøtet mot styrets forslag  – avrøystinga var 12 mot 10.  

Nedafor har vi laga komplett oppsett av tillitsvalgte som er oppdatert etter årmøtet for 2023.

 

 

Først publisert: 16. mars 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 15. mars 2023, 23:16