Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7004 artiklar i dette arkivet.


Med mildvêret kom blankisen for fullt

Jon Olav Ørsal Sundag 8. januar 2023

Etter snøvêret i nyttårshelga har det vore relativt fine vintervegar, men med litt vind og rennfokk innimellom. Laurdag kom mildvêret og dermed vart det blankis og glatte vegar.  På dei asfalterte vegane er det stort sett bart, men gardsvegane deimot har vore nærast blankpolerte. 


Ryddar skog og opnar opp rundt Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. januar 2023

Dei siste åra har det vore prata mykje om å få fram Todalshytta, slik at du kan sjå ho frå Halagrenda eller frå Kvennset igjen.  På bilder frå Phillips tid er det nemleg open utsikt både ned mot elva og utover bygda.  Da kunne dei sitte frampå bakkan ved hytta og sjå ned på elva – og fiskarane kunne følgje med om det gikk opp laks med litt størrelse på. 


Kjem til Bondehuset: Unni Boksasp presenterer ny musikk for Draumkvedet

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. januar 2023

Folkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og 6. januar 2023 har Boksasp urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved på Nutheim i Seljord i Telemark. Den 10. januar kjem forestillinga til Bondehuset i Stangvik. 


I rokk og fokk og is

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. januar 2023

 I rokk og fokk og is skriv Hans Rotmo i teksten, og slik er det i ferd med å bli her også no.  Rart vër egentleg, for å dag tidleg var det 8 kuldegrader i 7-tida – berre ein halvtime seinare var temperaturen gått opp til 2 minus – og littlenger utpå vart det faktisk varmegrad.  Utover ettermiddagen har det auka på med litt kald vind, 5 til 6 m/sek og faktis opp i 11-12 m/sek i kasta.


Pyroteknisk skalkfest på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Pyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen.  Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.  


Fyrverkeri på Bordholmen kl 18.00 i kveld – 1. nyttårsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

På grunn av tett snøfokk og snødrev rundt midtnatt i går kveld, er det sannsynlig vis mange som ikke fikk skyte opp sine rakettbatteri. Derfor har det i samråd med brannsjef i Surnadal  og politiet i Møre og Romsdal, vurdert det  slik at det beste er få disse rakettbatteriene opp i lufta, enn at de […]


Snøvêret ødela for nyttårsmarkeringa

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Det heftige snøvëret øydela nok litt for fyrverkeriet og markeringa av nyttåret i Todalen.  Det var både snø og vind, og det la nok ein dempar på fyrverkeriet denne gongen.  Massivt fyrverkeri i Øyalia kom mesta bort i skodda, og det var for oss vanskeleg å sjå fyrverkeriet på Todalsøra og Kvennset.   Har du fine […]


Godt nyttår!

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2022

Tida er inne for å ringe inn eit nytt år – mellom klokka 17 og 18 sørger kyrkjeklokka for å varsle om det nye året som er på gong.  Etter midnatt kan vi altså skrive 2023, og vi på todalen.no varslar om nytt år for 14. gong. Vi er faktisk litt stolte av at vi har klart å halde den lokale portalen operativ så lenge og at vi heile tida har opplevd eit aukande tendens i lesartala.  Dei siste åra har nok vore ei utfordring i så måte, men i det store og heile har det gått bra.


Ekstremvêret som ikkje kom inn…

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2022

Det har vore meldinga om ekstremvêr både når det gjeld nedbør og vind dei siste par dagane. Litt vind og litt nedbør har det vore, men langt i frå noko ekstremvêr, heldigvis.  No har det meste av isen på asfalterte vegar tina opp og forsvunne, medan gardsvegar som er grusvegar enno er glatte, men grunn til å åtvare både fotgjengarar og andre trafikkantar. 


Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2022

Den tradisjonelle nyttårsgudstenesta i Todalen kyrkje blir på nyttårsaften kl 16:00, melder Todalen sokneråd.   Liturg blir Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe blir organist.  


Romjulsmarsjen – godt å kome seg ut ein tur

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2022

Som vanleg var det god oppslutning om Romjulsmarsjen som tradisjon tru gjekk rundt bygda på 3. juledag.  Folk tykte det var godt å kome seg ut ein tur, og jammen er det da godt å treffe anna folk etter nokre dagar med «bærre» familie.   Sjølv om vêret og føret ikkje var heilt optimalt, så var det bra nok til at folk kledde godt på seg og tok turen rundt bygda til fots – eller med spark.  


Snømus vs røyskatt på Nordvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2022

Denne nysgjerrige krabaten viste seg fleire gonger i vegkanten attmed Sjøleet i dag.  Odd Arild Sande sørga for å feste den til filmen som han sende til oss på Todalen.no. No er tusenkronersspørsmålet om det er røyskatt eller om det er snømus han har fotografert.