Onsdag var Per Ørsal på moltetur i området ved Snekkardalshalsen, og der rett i lyngen utafor stien fann han denne hundselen som nokon hadde mista. Den låg litt nedafor stien som går frå Snekkardalshalsen og innover Snøfjellet i retning Midtryggen/Bjøråskaret. Per tok den med ned, og søker no etter eigaren, og har lagt den inn på Matkroken i Todalen etter som han bur i Molde.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2023/08/PerOrsal_hundsele_0920.jpg)
Per var på moltetur da han fann hundselen ved turstien frå Snekkardalshalsen mot Bjøråskaret. Foto Jon Olav Ørsal
Per har vakse opp i Todalen, og må ha eit par tre turar på molteplukking kvar sommar. I år har resultatet vore bra og har hausta inn rundt 20 kg på desse turane – har eit par søstre i Surnadal som har fått nyte godt av dette år, fortel Per. I dag hadde han det forresten travelt ettersom MFK-patrioten skulle på fotballkamp på Aker stadion i kveld.