Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Planlegg kjøkkendugnad i Forsamlingshuset på Nordvik

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. august 2023

Vi har ryktesvis høyrt at det skal startes arbeid med renovering av kjøkken i Forsamlingshuset på Nordvik.  I dag stoppa vi for å sjå kva som foregikk, og da trefte vi Palmer Vikan som var i ferd med å rive ut gamal kjøkkeninnreiing.  Men han fortalte at arbeidet berre var i startfasa, og at han måtte demontere eit sak for at elektrikaren skulle få kome til for å koble frå noko utstyr.

Den gamle kjøkkeninnreiinga skal rivast ut og erstattast med ny. Snart startar dugnadsarbeidet, fortel Palmer.

Men Palmer bekrefta at det er renovering av kjøkken på gang og at det er ei gruppe som har jobba med dette og lsgt planer for omfang og gjennomføring.  – Dei har fått tak i ny kjøkkeninnreiing og no blir det nk organisert dugnad for å utføre arbeidet. fortalte Palmer.  

Det er ei god stund sia det er gjort noko oppussingsarbeid i Forsamlingshuset , så det er kanskje behov for meir enn berre oppussing av kjøkkenet meinte Palmer, men han mente at det arbeidet som kom til å bli utført var innomhus oppgradering slik at det vart meir tidsriktig. 

Det blir nok ein del dugnad i tida som kjem, slik at vi får oppgradert kjøkkenet i første omgang. Foto Jon Olav Ørsal

Det har vore ei positiv utvikling i folketalet på Nordvik, så det er nok på sin plass å oppgradere Forsamlingshuset.  Hittil i år er det kome to «nye» nordvikgardingar, og Palmer kunne berette at det og var to til i vente.  I første omgang kjem vi til å følgje med på det som skjer i Forsamlingshuset etterkvart som nytt kjøkken kjem på plass.  

Det blir nok stort sett innvendig at det blir endringa i Forsamlingshuset på Nordvik. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 3. august 2023, 14:03