Julekalenderen – luke 11
I dag er det 4 gevinstar attafor luke 11, dermed blir det 4 heldige vinnarar som får kvar sin gevinst i dag. Først ute er Norunn Holten frå Bæverfjord som vart vinnar av eit vottpar som her er avbilda på framsida.
Vi fann 7259 artiklar i dette arkivet.
I dag er det 4 gevinstar attafor luke 11, dermed blir det 4 heldige vinnarar som får kvar sin gevinst i dag. Først ute er Norunn Holten frå Bæverfjord som vart vinnar av eit vottpar som her er avbilda på framsida.
Vi har gledd oss lenge på årets julekonsert med P17-koret – og dei skuffa ikkje! Det var skikkeleg levert frå Bernt Bøe og P17koret med forsterkningar. Turid Røen Kroknes som Altsolist, Tove Elin Strand med fløyte og veteranen Tor Strand på orgel og piano. Vi som satt i salen fekk vel ein time med tettpakka program – noko velkjent frå tidlegare år og noko nytt frå i år.
Det er nå høysesong for servering av julemat, og vi på Todalshytta har servert til både julebord og andre selskap. Kommende lørdag har vi «åpent hus» for alle som har lyst til å smake julematen vår, og inviterer både enkeltvis, familier og andre som har lyst til å komme til Todalshytta:
Da er ny trekning unnagjort, og vi er klare med fordeling av gevinstane, som er tre i talet denne dagen og. For å gå rett på sak så gikk første gevinsten til Nordset på Flathauan – Jorunn og Nils Ove var eigarar av ein dreid trebolle!
Lisa og Natascha frå Start 4H minner oss om småfuglane som ventar på ein godbit i kulda. Start 4H har lang tradisjon med sal av kornband no i førjulstida. I dag er dei på plass utafor butikken på Matkroken Todalen med sine kornband. Her har dei laga ein flott stand med både levande lys, julebrød […]
Tre gevinster under luka også laurdag 9. desember – den første gevinsten er eit sett med hekla gryteklutar som vart vunne av Eplehagen, som er hos Wenche og Gudmund Kvendset.
Det er sagt at når ein ny butikk opnar og kundane kjem inn hovudinngangen, så fêr handtverkarane ut bakdøra. Slik blir det også i Nordvik Forsamlingshus, for sjøl om basaren vart utsett til søndag 10. desember så treng dei tida for å få ting i ordning til basaren. Men rørleggaren lova at dei skal være ferdig i tide, og da er det berre ein rundtvask som star att – så er det klart for å opne døra for basargjestane.
Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar. Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda.
Da er treking nr 7 gjort unna, og attafor den luka var det faktisk 3 gevinstar som no får sin eigar. Den første gevinster hamna på Kvennset, nærare bestemt hos Anders Halset. Det er 4 hekla juleenglar som er hekla i kvar si farge.
Har du lyst til å bli prosessoperatør på Talgø, så har du sjangsen nå. Lurer du på hva en prosessoperatør driver med så må du bla videre og lese annonsen, der stillingen er utlyst. Her er det bare å svinge seg rundt!
Det må da vel være bra å samle eit 70-tals personar til Stangvik historielags fintenkjarkveld i Myrvang på ein vanleg tysdagskveld. Hovedformålet med arrangementet var nok at Lars Steinar Ansnes skulle presentere si nye bok «Fintekjarplassen» på heimebane i tilleg til at historielagets ny årsskrift, nr 17 i rekkja er lagt ut for sal i disse dager.
Det går unna med trekkjing av vinnarane til julekalenderen – vi er alt komne til luke 6, og bak den luka var det faktisk 3 gevunstar og dermed blir det 3 vinnarar på onsdag. Den første gevinsten vart trekt ut til Solvår Lindset Øyen på Solvollen – ho vart vinnar av eit par ullvottar.