Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekalenderen – luke 11

Jon Olav Ørsal Måndag 11. desember 2023

I dag er det 4 gevinstar attafor luke 11, dermed blir det 4 heldige vinnarar som får kvar sin gevinst i dag.  Først ute er Norunn Holten frå Bæverfjord som vart vinnar av eit vottpar som her er avbilda på framsida.

Gevinst nummer 2 i dag er ei spekefjøl, med Anita Talgø som vinnar. Foto TIL trim

Gevinst nummer 2 i dag er ei spekefjøl som er laga i tre og som vart trekt ut på Anita Talgø og hamnar altså ovafor Falla.  

For gevinst nr 2 i dag vart det Inga og Anea i Myrjarvegen som vart vinnarar. Foto TIL trim

Den tredje gevinsten er eit sett med kjøkkenhandkle og gryteklutar, som hamnar i Myrjarvegen på Kvennset. 

Siste gevinsten i dag bars det til Nordvik med – vinnar Gunn Tove Svinvik. Foto TIL trim

Den fjerde og siste gevinsten i dag er eit glas med Todalshonning som er trekt ut med Gunn Tove Svinvik som vinnar.   Felles for alle vinnarane er at dei blir kontakta av TIL trimgruppa med tanke utlevering av gevinstane.  Tysdag 12. desember kjem det ny trekning – da er trekninga halvferdig, så det er mykje spenning att enno!

Først publisert: 11. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 10. desember 2023, 10:50