Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7205 artiklar i dette arkivet.


Laksfestivalen i full gang

Laksfestivalen i full gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2013

Til tross får litt dårleg festivalvêr i starten har det vore mykje folk innom til Norsk Laksefestival som i skrivande stund er i full gang på Skei i Surnadal. Det var start torsdag, medan martnadsgata opna fredag ettermiddag. Det lagt opp til program heile helga, og på kveldstid var det fredag kveld utedans ved kulturhuset. Laurdag starta alt kl 07 med fiskekonkurranse og martnasgate frå kl 10. Laurdag kveld er det utekonsert med Bonnie Tyler og Return, og vêrprognosane er slett ikkje verst for laurdagskvelden.

Les heile saka

Enno ikkje for seint for rododendronblomstringa!

Enno ikkje for seint for rododendronblomstringa!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2013

Vi minner om at det fortsatt er muleg å få med seg rododendronblomstringa i Svinviks arboret ! Unn deg deg ein kopp kaffe og ein pustepause i den frodige hagen. Arboretet er ope onsdag – søndag frå 12.00 til 17.00. Siste nytt er at det no er opna eit lite butikkhjørne i kafeèn, med fine småredskap og hanskar til hagearbeid, villsaugarn frå Hjellnes, nydelege sjal frå Oppistufrua og andre fine småvarer. Verdt eit besøk!

Les heile saka

Sesongslutt til Myrvang og Nauståfossen

Sesongslutt til Myrvang og Nauståfossen

Martinus Torvik Fredag 21. juni 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta vårsesongen torsdag med marsj i området Kårvatn, Myrvang og til Nauståfossen. Kafferasten var lagt til Myrvangtunet der Liv og Jon tok i mot oss for fjerde året på rad. Guri og Lars, som har vore like trufaste, bidrog med musikk og jammen var det fleire som svinga seg på vollen både i valse- og polkatakt. Den faste graut/bakelsgruppa vår serverte velsmakande godsaker og alle 40 frammøtte såg ut til å kosa seg.

Les heile saka

Endeleg vart det større terrasse

Endeleg vart det større terrasse

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2013

Til kvar leilighet i Sanitetshuset har det vore ein liten terrasse på framsida og mot sola. Den har berre vore så alt for liten og upraktisk, for troppa har nemleg vore på motatt ende som terassedøra. Det har lenge vore diskutert å endre på dette, og etter ein lang planprosess og basar til inntekt for prosjektet så vart plana realisert.

Les heile saka

Gudsteneste og midtsommerfeiring på Nordvik

Gudsteneste og midtsommerfeiring på Nordvik

Sverre Kjølstad Torsdag 20. juni 2013

Det har vært tradisjon i alle år og holdt gudstjeneste siste helga før jul i Nordvik Forsamlingshus. Imidlertid har dette vært utvidet til to ganger for året de siste årene, fortrinnsvis i juni måned. Vi har merket oss at Todalen Sokneråd har avviklet friluftsgudstjeneste på Haugligårdene 2. påskedag med stort hell uten å avlyse pga. værforholdene.

Les heile saka

Lagersalg på Vinstra

Lagersalg på Vinstra

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2013

At Talgø arrangerer lagersalg er eit tegn på at ferietida nærmar seg. Konsernsjef Terje Talgø seier at det er behov for å rydde lageret skikkeleg ein gong for året, for å få ut B-varer, restar av produktseriar og prototypar som møbelhandlarane ikkje vil kjøpe. Dette har ofte vore arrangert i samband med Todalsdagen på fabrikken i Todalen, men denne gongen er mest varer på Vinstra og derfor blir salget arrangert ved sentrallageret på Lomoen på Vinstra

Les heile saka

Vakthaldet under Norsk Laksefestival

Vakthaldet under Norsk Laksefestival

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2013

Todalen I.L. skal stille med vaktmannskaper under Laksefestivalen og vaktlistene er no klare med ansvarsområde og oppmøtetider, melder Karin Halle som er ledar i Todalen. I.L.  Karin er glad for at så mange stilte opp som vakter, slik at det kjem inn pengar til drift av laget som sno held på med fleire prosjekt som […]


Tidleg sommar i fjellet

Tidleg sommar i fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2013

Jon Bruset er stadig på farten i todalsfjella. Tysdag gikk turen til Storfjellet og Storbotn, og botanisk interessert som han er så også bilda hans prega av det.  I ein e-post til Todalen.no skriv jon: «I dag gjekk turen til Storfjellet og Storbotn. Det er tidleg sommar i fjellet i år, så no er det […]

Les heile saka

Siloslåtten – innahaustinga i gang

Siloslåtten – innahaustinga i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2013

Siloslåtten er komen i full gang. Dei første starta alt i helga, men no er nok dei fleste i gang med førsteslåtten i Todalen. Ledar for Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, fortel at det stort sett er bra avlingar rundt bygda. Enkelte har nok reduserte avlingar på grunn av isbrann, og det er variasjonar mellom gamle og nye ekrer også. Vinteren har nok vore hard for enkelte grasslag, og det går fort ut over avlingane.

Les heile saka

Siste dans med «Surnadals hyllest til Pink Floyd» på Laksefestivalen

Siste dans med «Surnadals hyllest til Pink Floyd» på Laksefestivalen

Rune Dalager Tysdag 18. juni 2013

Ensemblet bak vinterens store Pink Floyd-prosjekt på Kulturhuset i Surnadal er nå klare for en siste runde med suksesskonserten. Dette skjer på Lakefestivalens utescene på Skei fredag 21 juni. Ensemblet er hyret inn av Norsk Laksefestival til å være hovedband denne kvelden. De 15 musikerne, -som utelukkende består av musikere og vokalister fra Surnadal, skal nå flytte det 16 låter lange og storslagne Pink Floyd-showet, som før har vært framført innendørs i Storstuå i Surnadal Kulturhus og i Braatthallen i Kristiansund ut i friluft og sommervarme.

Les heile saka

Ålvundfjorddagan for 10. gong

Ålvundfjorddagan for 10. gong

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juni 2013

Juni er en travel månad med mange kultur- og sportsarramgement rundt om kring på indre Nordmøre. Vi i Todalen.no prøvar på ingen måte å få med oss alt, for det har vi mange andre og meir ressurssterke media som dekkjer. Men vi var ein tur i nabobygda Ålvundfjord og fikke med oss laurdagens fotballturnering på Ålvundfjord stadion. Mykje artig fotball og eit fint arrangement som vi har ein bildekavalkade frå.

Les heile saka

Dei to første laksane på land

Dei to første laksane på land

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Dei to første laksane er komne på land i Toåa. Den første var det tor lerstang som tok, i år som i fjor, og det var eit fint eksemplar av ein villaks på 7,5 kg. Den vart teken på Ramsøy-valdet. Men ein god nummer to vart Bjørn Anthony frå Vågland, som tok ein laks på 5,8 kg ved Lakssteinen frå Djupdalssia.

Les heile saka