Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg vart det større terrasse

Endeleg vart det større terrasse

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2013

Til kvar leilighet i Sanitetshuset har det vore ein liten terrasse på framsida og mot sola. Den har berre vore så alt for liten og upraktisk, for troppa har  nemleg vore på motatt ende som terassedøra. Det har lenge vore diskutert å endre på dette, og etter ein lang planprosess og basar til inntekt for prosjektet så vart plana realisert.

Denne veka kom snekkarane, Lars Kvendset og Gunnar Nordvik , og i løpet av eit par dagar vart det laga større terrasse og troppa vart flytta til same kant som terrassedøra. Da todalen.no var det stor stas og feiring heime hos Jenny Kvendset. Men vi fekk da bebuarane med ut på synfaring og fotografering saman med snekkarane.  Prosjektledar Carina Talgø kom også ein tur for å rådsføre seg med snekkarane om den siste finpussen av «designet».  Carina var glad for at dette prosjektet no ser sin ende og at bebuarane kan nyte sommaren på ny og større terrasse.

Lars Kvendset i gang med montering av ein av dei fire terassane. Foto: Jon Olav Ørsal

Sanitetshuset vart bygd i 1980, og på den tida var det forresten Marit Kalseth som var ledar i Todalen Sanitetsforening. Laget har sidan drive Sanitetshuset som eldrebudstad sia. Huset har 4 fine leiligheter, og i tillegg er det eit selskapslokae i bygget, der det ofte blir arrangert ymse selskap i tillegg til at det er møtelokale for Sanitetsforeninga.

 

Publisert: 21. juni 2013, 09:30