Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laksfestivalen i full gang

Laksfestivalen i full gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2013

Til tross får litt dårleg festivalvêr i starten har det vore mykje folk innom til Norsk Laksefestival som i skrivande stund er i full gang på Skei i Surnadal.  Det var start torsdag, medan martnadsgata opna fredag ettermiddag. Det lagt opp til program heile helga, og på kveldstid var det fredag kveld utedans ved kulturhuset. Laurdag starta alt kl 07 med fiskekonkurranse og martnasgate frå kl 10.  Laurdag kveld er det utekonsert med Bonnie Tyler og Return, og vêrprognosane er slett ikkje verst for laurdagskvelden.

Søndag er det også opa martnadsgate mellom 12 – 17, men det store høgde punktet er nok «Det store andeløpet» der startskotet går kl 14.00.  Trekning i billotteriet og premieutdeling for andeløpet skjer kl 16.30, før avslutningsshowet med Lord Christian kl 17.

Todalen.no har vore ein tur i martnadsgata, og nedafor finn du eit lite bildegalleri derifrå.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. juni 2013, 16:45