Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lagersalg på Vinstra

Lagersalg på Vinstra

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2013

At Talgø arrangerer lagersalg er eit tegn på at ferietida nærmar seg. Konsernsjef Terje Talgø seier at det er behov for å rydde lageret skikkeleg ein gong for året, for å få ut B-varer, restar av produktseriar og prototypar som møbelhandlarane ikkje vil kjøpe. Dette har ofte vore arrangert i samband med Todalsdagen på fabrikken i Todalen, men denne gongen er mest varer på Vinstra og derfor blir salget arrangert ved sentrallageret på Lomoen på Vinstra.

Salget startar fredag 21. juni og varer til og med laurdag – altså 2 dagar. Ei 16-siders utsalgsavis er sendt ut i heile Gudbrandsdalen denne veka, og det blir nok folksamt på Vinstra desse to dagane. Ein gjeng frå Todalen har denne veka førebudd salget saman med lagerpersonalet på Vinstra.

Vi har fått bilder frå førebuinga til lagersalg frå Øystein Wiig:

Publisert: 20. juni 2013, 18:37