Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7173 artiklar i dette arkivet.


Fjord1: Normal drift på Kvanne – Rykkjem frå kl 22.15

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2014

Fjord 1 melder no at sambandet Kvanne – Rykkjem vil ha normal drift få kl 22.15 med avgang frå Kvanne. Solnør har vore ute av drift ei stund i kveld på grunn av tekniske problem.


Ein skuledag utanom det vanlege

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2014

Fredag vart ein skuledag utanom det vanlege for elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Heile gjengen, tilsaman over 80 elevar frå dei to skulane og barnehagane var samla på Stangvik skule for å høyre, sjå og lære mykje nytt om naturfag. Den pensjonerte naturfaglektoren Einar Oterholm hadde med seg mykje rart utstyr for å vise fram og lære bort noko av kunnskapen sin til elevane.


Stavgang Todalshytta – Ramsøya.

Randi og Vidar Sogge Fredag 12. september 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 11. september på Todalshytta, ei av dei fire hyttene som forretningsmannen og sportsfiskaren Ethelbert Lort Phillip fekk bygd først på 1900-talet. Dei andre hyttene er Vangshaugen på Sunndalsfjella, Trædal i Sunndal og Phillipshaugen i Øksendal.


Neste veke kjem russen på besøk!

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. september 2014

Neste veke er det klart for demensveke for Surnadal Demensforening og helselag, fortel ledar Liv Botten. I år som i fjor har ho sikra avtale med Surnadalsrussen til å bli med på innsamlingsaksjonen rundt i heile Surnadal kommune – for å samle inn pengar til demenssaka. Aksjonen kjem til å gå føre seg i tidrommet 15. til 18. september, og da håpar ho at du tek vel i mot dei som kjem med innsamlingsbøssa.


Skifte i gravferdsbyrået

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. september 2014

Den 1. oktober blir det eigarskifte i Surnadal og Rindal begravelsesbyrå. Da går Ragna og Ivar Meisingset over i pensjonistanes rekkjer, og Anna Britt og Palmer Vikan tek over. Da er det heile 36 år sia Ragna starta eige gravferdsbyrå heim på garden i Øvre Surnadal. Anna Britt og Palmer er godt budd på å ta over, og vi er sikre på at vi overlater begravingsbyrået i trygge hender, seier Ragna Meisingset.


Aktiv dag på Skei

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Laurdag var det premiere for Kreativt Forums torgdag på plassen framfor kulturhuset. Det var liten respons både frå utstillarane og frå publikum, og det hadde nok si årsak i marknadsføringa, trudde Tove Merete Schei som var ein av initiativtakarane gjennom Kreativt Forum. – men vi er godt i gang, fortalte ho, og no satsar dei på større aktivitet på neste torgdag som blir laurdag 4. oktober. Seinar blir det torgdag første laurdag i kvar månad.


Senioruniversitetet har haustprogrammet klart

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Denne hausten satsar dei på skihistorie og besøk på Skimuseet i Rindal. Det skjer onsdag 17. september. Det er absolutt vert å ta turen til Rindal sentrum, der det nye skimusett ligg. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og svele – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.


Har køyrt elbil i 13 år..

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Fredrik Sjøflot er ein av pionerane når det gjel bruk av elbil, og kanskje den første i Surnadal kommune. Han kjøpte nemleg sin første Think elbil i 2001, og har altså «gått på strum» i 13 år. No har han sin bil nummer 2, ein Peugeot. Men den første elbilen kom til Noreg alt i 1903, og ute i den store verden kom elbilar på slutten av 1800-talet. Satsinga på elbilar i stor stil kom først på 2000-talet og faktisk dei siste åra etter at satsinga på ladestasjonar starta.


Inviterer til eldremiddag..

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Onsdag kl 13 er det ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset, melder styret. Dei byr på god middag med dessert og etter på ei hyggestund med kaffe og noko å bita i.  Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598.


Siste finpuss på vassverket…

Jon Olav Ørsal Sundag 7. september 2014

Laurdag var det vegdugnad og siste finpuss på Husby og Halle vassverk. Det er no over eit år sia den nye rensestasjonen og ny brønn vart ferdigstillt og godkjent av Mattilsynet. Denne gongen var det dugnad for å ta ei siste opprydding og grusing av den nye vegen opp til rensestasjonen.


Slutt på spretthoppar….

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. september 2014

Setningar i vegbanen er eit problem fleire plassar i bygda, men no blir det gjort noko med det på dei verste punkta. Ved Sissiå – like ved avkjøringa til småbåthana er det ei gammel stikkrenne som meir eller mindre har kollapsa, og dette har fårt til at det blir ein skikkeleg spretthopp for traktorar og vogntok med last. Ved Lauvåbrua er det også ein skikkeleg setning som skapar problem


Laurdag: Torgdag på Skei

Jon Olav Ørsal Fredag 5. september 2014

Det er Kreativt Forum som står som arrangør for Torgdagen på Skei laurdag. Det skjer på torgplassen framfor Surnadal kulturhus, og der er det aktivitet frå kl 11.00 til kl 16.00, med salg av alle slags torgvarer; som egg, rømme, lefse, såpe, bakte poteter, antikviteter og mykje meir, melder Kreativt Forum