Etter 14 dagar med hektisk ombygging og opp-pussing var det torsdag 25. september opningsfest for apoteket i Surnadal med mange gode tilbod, blautkake og kaffe. Mange tok turen innom, og det var mange lovord å høyre om det nye apoteket!
Apoteket i Surnadal har hatt lokale i Amfi butikksenter sidan 2003. Etter kvart som drifta har endra seg og vareutvalet er utvida, har både kundar og tilsette følt på at lokala har vore for tronge og kompakte. Derfor har det dei siste 14 dagane vore hektisk byggeverksemd og montering av nytt inventar, alt dette medan apoteket har vore i full drift. Dette har vore krevjande både for kundane og ikkje minst for dei tilsette. Men så vart da resultatet bra!
Apoteket er utvida med heile 55m2 som har resultert i nye luftige, lyse og romslege lokale. Avdelinga for sjølv-valg er betrakteleg utvida og er dermed meir kudevennleg enn før. Det er no langt enklare for kundane å orientere seg i vareutvalget. Eit heilt nytt informasjonsrom for helsetenester er også på plass. Det nye tilbodet her er føflekkscanning, i tillegg gir dei tilbod om kolesterolmåling, blodsukkermåling, tramkrefttest og legemiddelsamtale m.m. Boots apotek ønsker å hjelpe kundane med helse og velvere frå inst til ytst! Dei legg også stor vekt på rådgivning og service.
Apoteket i Surnadal er med i apotek-kjeda Boots som har meir enn 160 års erfaring med apotekdrift. Bootskjeda starta opp i Storbritannia, og i dag har dei 150 apotek i Norge. Leiar for utbygginga av apoteket har vore driftsleiar Svein Aagø frå Boots norske hovedkontor i Oslo. Dei tilsette er svært fornøgde med dei nye lokala som gir dei mykje betre arbeidsforhold.
Vi gratulerer apoteket i Surnadal med nye og flotte lokale!
Bildegalleri frå nyopninga av apoteket. Alle foto: Dordi Jorunn Halle