Søndag kveld startar vi på igjen, og første sjakk-kveld blir søndag 28. septemer kl 19.30, fortel Trygve Halle. Da er alle velkomne, både gammel og ung, og vi satsar på sjakk-kveld annakvar søndag framover hausten. Ta gjerne med sjakkbrett når du kjem!
Det var varierande deltaking utover våren, men vi reknar med at folk får betre tid no som det etter kvart blir lange haustkveldar. Fint om du kan melde interesse til Trygve dersom du ikkje har tid første kvelden, men tenkjer å bli med seinare.