Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opprørs-10 – Du verden for ei førestilling!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Etter tre kveldar på rappen med fullt hus i Storstua på kulturhuset, var det torsdag kveld tid for å slå sluttstrek for revyen «Opprørs-10» med 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule. Du verden så flott ein revy og så mange dyktige talenter vi fikk oppleve på scena.  Publikum vart «hekta på» heilt frå starten, og det var stigning gjennom begge dei to aktene.

Ein blir meir enn imponert når ein tenkjer på at alle 10.-klasseelevane har vore med på dette prosjektet. Eit år har dei hald på, og kvar og ein av elevane har hatt sin viktige plass i prosjektet. og jammen vart resultatet bra! Gjennom programmet var det mykje song og musikk, og her var det berre å lene seg attende i stolen og nyte kvelden. «Opprørs-10» har fått mykje og velfortjent skryt i media dei siste dagane og vi sluttar oss til på Todalen.no også.

Nedafor viser vi eit bildegalleri frå revyen – fotografert på frihand frå publikumsplass.   Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. september 2014, 10:37