Tok storhjorten på Kvitkua…
– I dag har vi skote alle storbukkers far, var meldinga vi fikk til redaksjonen frå Nils Ove Bruset på Halle & Husby jaktlag. Vi veit ikkje heilt om han har dekning for det, men det var i allfall ein flott 12-takkers kronhjort dei hadde fått has på. – Jaktlaget starta i dag tidleg med jaging i Petlia, opp mot Skaret, og «storhjorten» hadde nok fått vêret av postane oppå Skaret, for den kom på retur nedatt, og ville prøve å rømme unna over Kvitkua og innover Hallaberga.