Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saufolket har tru på framtida…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2015

Ein kan no sjå den positive effekten av hi-uttak og felling av skadedyr under lisensjakt av jerv dei siste åra. Endeleg er det optimisme å spore i sauehaldet, slik at det går an å satse på sau igjen, seier saueeigarane. Det er nemleg fleire som satsar på sau no igjen – det er bygd fleire sauefjøs dei siste åra, og fleire kjem etter kvart, og det er artig. – Berre for 3-4 år sia var satsing på sau heilt uaktuelt, men no er det fleire som startar på att igjen, seier Oddvar Mikkelsen. Det er dramatisk nedgang i tap av sau på beite i Trollheimen – frå 19,5% i 2011 til 6,8% i 2014. Den positive trenden ser ut til å halde fram i år, men tala er ikkje klare før rundt 1. november.

Godt jobba
Driva treffer Oddvar saman med dei som er att av ”saukarra” i Todalen. Det er ikkje så mange lenger, men Ola og Gudmund Kvendset, Bjørn Kvendset og Per Åke Jakobsson har hatt trua på ei løysing. Det har vore godt jobba på fylkesplanet, og no ser vi det positive resultatet. Oddvar Mikkelsen er varamedlem i bondelagets fylkesstyre i Møre og Romsdal og har tidlegare vore mangårig leiar i Surnadal bondelag.

Saufolk2_3720

No ser vi resultatet av at det er gjort hiuttak av jerv i Trollheimen, seier Oddvar Mikkelsen, Bjørn Kvendset, Ola Kvendset, Per Åke Jacobsson og Gudmund Kvendset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Hjelper med hiuttak
Det er dei seinare åra teke ut fleire hi i tillegg til skadedyr, og det ser ut til at hi-uttaka som er gjort dei seinare åra virka – det sett vi stor pris på og det er avgjerande for vidare satsing. Viktig med hjelp frå SNO (Statens naturoppsyn) til å regulere bestanden – blir mykje hetsing når privatfolk skyt jerv, sjølv om det er lovleg lisensjakt. Det burde kanskje vært meir organisert lisensjakt i jakttida – kanskje det har vært fornuftig å bruke skadefellingslaga i større utstrekning, seier Mikkelsen, som poengterer at det er eit godt samarbeid mellom SNO og sauehaldarane.

Tapstal dei siste åra_2011_2015

Tala talar for seg, sjølv om dei er litt mangelfulle. Dette er totalt tap på beite, og inneheld både tap til rovdyr, sjukdom og eventuelle uhell på beite.

Positiv trend
Ingebrigt Moen er ”saueekspert” hos Surnadal kommune. Han tykkjer det er fint at ein no opplever at det er yngre som vil satse på sau, og at det er mange som startar på igjen. – Økonomien har aldri vore betre i sauehaldet, og det må være rett tid for satsing no. Vi har både ein kultur og mykje verdifull beite å ta vare på. Sauekjøttet er da vel økologisk mat av ypparste klasse, og rett i tida no, seier Moen. – Det er no fleire som arbeider med planlegging av nye sauefjøs, og optimismen gjer at dei som har ligge ”på været” den siste tida, setter i gang no. Moen peikar også på at det ikkje skal være yngling av jerv i Trollheimen og at hi-uttak og uttak av skadedyr har vore til stor hjelp. – det ser vi resultat av no. No ser det ut til at tapa kjem ned på eit nivå som er til å leve med.

Smalastallen_OddvarM&OlaK_3729

Oddvar Mikkelsen og Ola Kvendset. Ola driv no og pussar opp smalastallen til sauene skal settast inn. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Stort potensial
Det er mykje ubruka beite i Trollheimen. Det har vore nemnt areal på rundt 375 km2 og det kan gi prima utmarksbeite til eit enormt tal med sauer, dersom alt blir utnytta. I Surnadal kommune er et i dag mellom 4 og 5000 sauer som beiter i Trollheimen, men potensialet er nok mykje større, seier Moen.

Mykje gaupe – etablert familiegruppe?
Ola Kvendset er leiar i Todalen bondelag. Han er litt bekymra for gaupa. Ei ho-gaupe med 3 ungar er sett fleire gong i Todalen i år. I fjor var ho observert med 2 ungar – det tyder på at det og er fjorsungar også i nærleiken. Den siste tida er ei stor hanngaupe sett både på Hjellnes og på Kvennset. Gaupa har tilhald låglandet, og da blir det helst vår og haust vi opplever skade – men gaupa har nok elles mest rådyr og hjortekalvar på menyen. Det meste av tapa til gaupa har kome 1-2 veker etter slepping om våren og i beiteområde som ligg i låglandet slik som f.eks Nordmarka.

Publisert: 21. oktober 2015, 20:00