Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddar bustadfeltet

Jon Olav Ørsal Måndag 19. oktober 2015

Sollid Skog As er i full gang med rydding av det nye bustadfeltet ved Øygarden på Nordvik. I løpet av eit par-tre dagar er store deler av granfeltet ryddet og etterpå blir det hogst av furu lenger nede i feltet, fortel Roar Sollid som kjørte hogstmaskina da vi var nedom og tok nokre bilder måndag ettermiddag.  Dei skal ta ut totalt rundt 1500 m3 og det er ikkje lang hefta med slikt utstyr.  Den nye hogstmaskina kostar rundt 4 mill og har ein kapasitet på mellom 25-30 m3 i timen – alt etter korleis skogen og landskapet er.

RoarSollid_Ponnse_3801

Roar Sollid med hogstmaskina som er ein månad gamal og som kostar den nette sum av 4 mill. Foto: Jon Olav Ørsal

Roar Sollid eig firmaet Sollid Skog As saman med brørne Martin og Bjørn Kåre Sollid, og er nok etter kvart vorte kjent rundt om kring i distriktet. Dei har 2 store hogstmaskiner og 2 lastbærarar. Da vi var på besøk var det hogstmaskina som var i gang, med i løpet av eit par dagar med hogst var det ferdigkappa tømmer over heile området. På tampen av måndagen skulle det kome lastbærar for å sette i gang med framkjøring – så i løpe av eit par dagar vil det nok bli ein stor tømmerlunn ved vegen.

Alt på fredag kjem det ein stor tømmerbåt til Surnadal hamn for å hente tømmer som skal til Tyskland, og etter plana skal noko av tømmeret frå Nordvik være med båten når det går ut Surnadalsfjorden etter lastinga er ferdig. Det er eit stort sagbruk i Tyskland som skal ha tømmeret og dette sagbruket har marknad over heile verda. Så ein kan godt seie at tømmeret frå Nordvik blir spreidd for alle vindar.

SollidSkog_Merking_3794

Hogstmaskina feller trea, kvistar, kappar og merker i ein operasjon. Stokkane var kappa i to forskjellige lengder, 4,06 m som vart merka med rødt og 5,06 m som vart merka med blått. I løpet av veka er det plana at all gran og furu skal være felt og da vil det berre være lauvtre som står att, fortalte Roar Sollid frå Sollid Skog.

SollidSkog_hogstfelt_3793

Hogstmaskina i arbeid – og mykje tømmer som er klart for utkjøring. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 19. oktober 2015, 17:16