Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø på «Bygg Reis Deg»: – Skikkeleg respons på det nye konseptet

Jon Olav Ørsal Fredag 16. oktober 2015

Denne veka arrangeres den store bygg- og interiørmessa «Bygg Reis Deg 2015» i Lillestrøm, og den er open til og med laurdag. Dette er den største byggvaremessa her til lands, og sjølvasgt er Talgø og MøreRoyal representert der med ein stor stand. Den store nyheitsbomba er det nye elementbaserte hagestue- og bodkonseptet som blir lansert her. På messa stilles det ut eit heilt tun med produkt frå dette konseptet – og responsen har vore stor, fortel salssjef Bjørn Hauglann.

Det nye konseptet er utvikla i lag med eit arkitektkontor, og det vi har jobba under press for å få alt ferdig seier Nils Ove Bruset som er driftsleiar på Elementfabrikken som har laga elementa til det nye konseptet.  – Vi tykkjer sjølvsagt at det er stas når produkta blir så godt mottekne og når vi har fått til kontaraktar med fleire kjeder, seier Bruset.

Messa er godt besøkt, og arrangøren reknar med at det kjem innom rundt 50.000 på dei 4 dagane den er open – både forhandlarar, entreprenørar, snekkarar, arkitektar og vanlege privatpersonar besøker messa.

Dersom du er i Osloområdet og har lyst til å ta turen innom på den siste opningsdagen, kan du gå til denne linken for å laste ned og skrive ut gratis billett.

Nedafor finn du bildeglimt frå Talgø sin stand på «Bygg Reis Deg 2015» på Lillestrøm.  Alle foto:  Talgø Invest AS

 

 

Publisert: 16. oktober 2015, 20:30