Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7056 artiklar i dette arkivet.


Samla heile gjengen ved langbordet til maissuppe

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Med to haner og 23 tupper til bords, var Laila Kvendset Bergli klar til å kjøre randonee-kveld for damer ved Kårvatn Fjellutstyr. Det er stor interesse for randonee og toppturar, og dette er ikkje noko som berre mannfolk driv med lenger. – Laila tykte det var positivt at så mange deltok, og ho hadde alliert seg med Ola Berger, som er godt kjent med terrenget i todalsfjella og nærast profesjonell på området. Både han, deira eigen Lars Inge Harrang, ga damene eit godt innblikk i kva randonee er for noko – og kva utstyr som trengs.


Hjortkjøttkaker på menyen – du er invitert

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Neste helg – nærarer bestemt laurdag 28. november er du invitert på Hjortfest i Todalen ungdomshus. Halle & Husby jaktlag er vertskap, og dei byr på heimelaga hjortkjøttkaker som hovudrett – kortreist og godt, med jaktlagets eigen Dan Roger Pedersen som som sjefskokk. Elles byr dei på lett underhaldning frå scena, og utdeling av heidersprisen «Den gyldne patron, fortel leiar i jaktlaget Lars Stensby til Todalen.no.


Basar med tombola i Stangvik

Anita Land Torsdag 26. november 2015

Stangvik grendalag arrangerer basar med tombola i Bondehuset laurdag klokka fire. Leiar i grendalaget, Bjørn Kristian Brøske, håpar mange vil ta turen til Stangvik på laurdag. Som vanleg byr arrangøren på eit stort basarbord med mange gevinstar.


Vebju – platelansering i Stangvik kyrkje søndag

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Søndag lanserer Anders Larsen og Henning Sommero sitt nye album «Vebju». Det skjer i Stangvik kyrkje kl 18. Dette er starten på ein liten miniturne som går vidare til Rindal kirke på mandag, øre kirke fredag 4. og til slutt Dåpskirken Jordan søndag 13. desember.


Korleis kan vi takle situasjonen?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Omsorgsberedskap er eit viktig tema – tysdag sette Todalen sanitetsforening dette på dagsorden da dei samla interesserte i Todalen ungdomshus til temakveld og gjennomførte eit øving i eit tenkt scenario med ekstremvêr av verste sort. Todalingane har nok raset i 2013 og problema som isolasjonen skapte friskt i minne enno. For sanitetskvinnene landet rundt er omsorgsberedskap prioritert oppgåve no.


Feiring med juletre frå Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Denne jula blir det julefeiring med juletre frå Nordvik på Torget i Kristiansund. Tysdag kveld kom det ferje frå Kristiansund til Surnadal hamn for å hente juletreet, som skal pynte opp nordmørshovudstaden i desember.


Endeleg vart det snø

Jon Olav Ørsal Sundag 22. november 2015

Hallvard og Tor Asbjørn sett stor pris på at det vart kvitt på marka. Hallvard har funne fram skiutstyret og, Tor Asbjørn prøva akebrettet, da Todalen.no trefte dei to i Brusetmarka søndag føremiddag. Kanskje litt i minste laget for å laga fine skiløyper enno, men det var i allfall nok til litt prøvekjøring på plena på Liatun, men dei to ønska seg sjølvsagt litt meir snø og skikkeleg skiføre.


Runda av prosjektveka med japansk teseremoni

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. november 2015

Det var nok billedkunstnaren Karin Augusta Nogva som var mest i fokus på eventsdagen til prosjektveka «Fire in the hole» i Austigarden. Ho tok publikum med på ein artig og flott Japanskinpirert teseremoni saman med Møremusikaren Jo Inge Nes som trakterte trommer og fløyte med sjølvkomponert musikk som passa godt sammen. Musikken vart til etter kvart som han spela og var inspirert av nysnøen i todalsliene….


Tonekveld med omtanke….

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. november 2015

Juleverset – «Eit lite barn så lystelig» var ein av ingrediensane da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte til støttekonsert og songkveld i kyrkja onsdag kveld. Sjølv om det var berre eit lite tjuetal som tok tilhøyrarplass i kyrkja denne kvelden, så fekk iallfall vi som var der ein fin kveld med flott korsong og dei […]


Helt hinsides på Surnadal kulturhus

Steinar Hasselø Onsdag 18. november 2015

Teatret Vårt kommer fredag med «Vi bare spøker» – en stilfull komedie med stort ensemble og swingende musikk. Klart det blir snodige forviklinger med en ekskone som spøker i bakgrunnen. Bokstavelig talt. En komedie helt hinsides!


Alle damer: Bli med på randonee-kveld med Ola Berger…

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. november 2015

Ved Kårvatn Fjellustyr er dei forlengst i gang med vintersesongen, sjølv om snøen let vente på seg så langt. Onsdag 25. november trør dei til med randonee-kveld i butikken, fortel dagleg leiar Laila Kvendset til Todalen.no. Da kjem Ola Berger for å halde foredrag og vise film om randonee, med stor fokus på toppturar.


Fire in the hole – med papiromn på programmet …

Jon Olav Ørsal Måndag 16. november 2015

Prosjektveka «Fire in the hole» med Siri Skjerve og Toril Redalen som vertskap er i full gang. Det første omnprosjektet var ein teglsteinsomn som vart bygd og brent fyrt opp søndag. Første delprosjekt var vellukka, og produkta er komne ut av omnen. Måndag var det prosjekt papiromn som stod på programmet. Det er kanskje ein av dei mest primitive former for […]