Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjerringdilten i hamn – Kristen Bruset med napp i vandrepokalen

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2016

Det var både vind og snøbyger, og tildels dårleg sikt da Kjerringdilten gikk av stabelen på Skihytta langfredag. Men heile 38 trossa vêret og tok rundturen i den flotte løypa som skuterkomiteen hadde køyrdt opp til skirennet. Kjerringdilten går på idealtid, og i år var idealtida sett til 15.30, men det var nok betre føre enn beregna, for alle sammen kom under idealtida som var sett opp.  Nærast kom Kristen Bruset som bruka 15.03, og som dermed sikra seg eit napp i vandrepokalen med ein margin på 47 sekund.

Resultatlista frå rennet ser slik ut for dei som kom på dei første plassane:
1. Kristen Bruset        15.03
2. Vibeke Strand        14.29
3. Edvard Nordvik     14.25
4. Nils Bruset             14.23
4. Ola Ansnes             14.23

Men sjølv om vêret berre var «sånn passe», var det god stemning på Skihytta. Inne på hytta frista Knut Halset med både pølser med brød og nystekete bakels, sat og kaffe. For Knut og resten av gjengen på Skihytta var nok dette den store «bakelsdagen» – Torkjel A. Moe hadde med seg bakelsjarn og når dei fikk i gang agregatet vart det bakels på løpande band. Bakelsa vart servert med rømme og syltetøy, og det var eit populært innslag i arrangementet, der Todalen idrettslags trimgruppe stod som arrangør – med rennleiar Ivar Helge Kvendset.

034

Panorama frå toppen av Bollknobben og mot Innerdalsfjella. Foto: Sondre Halset

Etter at rennet var ferdig klårna det etter kvart opp, slik at det var mange som nytta høvet til å ta ei ekstra utflukt. Vår mann med kamera på Skihytta var Sondre Halset, som etterpå tok turen til toppen av Bollknobben og har sendt oss bilder både frå Kjerringdilten og utsiktbilder frå toppenturen etterpå.

Bildegalleri frå livet på Skihytta, Kjerringdilten og frå «toppturen» til Bollknobben.   Alle foto: Sondre Halset.

 

Publisert: 25. mars 2016, 23:09