Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Festivalkvartetten med imponerande konsert

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2016

Skjærtorsdag kveld hadde hadde vi besøk av festivalkvartetten og Kjersti Vindal som heldt konsert i Todalen kyrkje. dei er på Nordmørsturne no i påska, og starta på Ålvudeid tidlegare på dagen før dei kom til todalen, og skal fortsette langfredag med konsert i Gullstein kirke på ettermiddagen og rundar av i Nordlandet  kirke om kvelden.  Konsertturneen skjer i regi av KKKK-akademiet, og det er vel nærast tradisjon at dei legg ut på ein liten Nordmørs-turne i påskedagane.

Dei køyrde ein times program i kyrkja, med Kjersti Vindal på harpe, saman med festivalkvarten med Alex Robson og Jon Mehus på fiolin, Ole Wuttudal på bratsj og Joakim Munkner på cello.  Dei starta med ein salmetone frå romsdal med full besetning og fortsette med religiøse folketonar, bruremarsjog springar med Vindal på harpe.

Påskekonsert_Alle_7773

Vidare fikk vi høre 1. og 2. sats av «Strykekvartett nr 12 i F-dur» av Antonio Dvorak med festivalkvartetten og så ein sekvens med alle på podiet før dei avslutningsvis framførte «Vårsøg» av Henning Sommero – med Kjerstei Vindal på harpe og akkompagnert av festivalkvarten. Den vart favoritten etter min smak!

Strykere_7755

Frå konserten med Kjersti Vindal og Festivalkvartetten i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 25. mars 2016, 10:00 - Sist oppdatert: 24. mars 2016, 23:52