SuSu med haustaktivitetar for næringslivet
Den vellukka familiedagen i Svinvika markerte på mange måtar både slutten på den første 4-årsperioden og starten på den andre perioden. SuSu-prosjektet fortsett å jobbe med å få til ein døgnopen region og eit næringsliv i vekst. I den første perioden er det skapt rundt 150 nye arbeidsplassar i Surnadal og i Sunndal kommune som ein kan seie har kome i kjølvatnet av SuSu-programmet. – Målet er slett ikkje mindre ambisiøst for neste periode fortalte styret i SuSu på ein pressekonferanse forleden. I veke 39 blir det mange aktivitetar på begge sider av todalsfjorden, der næringslivet blir sett i fokus.