Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Røde Kors – viste fram den nye redningsbåten

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. september 2018

Leiinga og mannskap i Surnadal Røde Kors viste i går fram den nye redningsbåten dei har skaffa seg.  Det var ein stolt gjeng som kunne vise fram nyanskaffelsen til pressa. Båten er ein 17″ Buster, som er skikkeleg utstyrt for redningsoppdrag. Den har ekkolodd for å kunne følge med kor djupt det er, kartplottar og ikkje minst er båten utstyrt med ein kraftig motor og godt lys.

Båten er godt egna til bruk på grunt vatn, med tanke på bruk på Gråsjøen som er regulert og har vanskelege bunnforhold. men den egner seg også godt på sjøen og i mindre fjellvatn.  Den kraftige motoren gjer at den taklar god motvind på Gråsjøen utan noko problem.  Hjelpekorpset har alt utført fleire oppdrag med båten, og den oppfyller alle forventningar så langt. 

Den nye båten vil heilt klart trygge beredskapen vår på vatn, seier leiar i Surnadal Røde Kors, Reidar Brøske.  Han er glad for at båten no er på plass, og han er glad for at den nye båten også gir større sikkerhet for både pasienter og hjelpekorps under oppdrag.  Tidlegare har vi vore avhengig av å låne båt for oppdrag på vatn, så no er vi glad for å ha eigen båt på plass i depotet i Røtet – der står den på tilhengaren og er klar for utrykning. Brøske legg til at det er eit tankekors at det hittil i år er 77 personar som har drukna i Noreg – til samanlikning er det så langt i år 63 omkomne i trafikken!

Gåver frå mange bidragsytarar har gjort båtprosjektet til 275.000 muleg. Rundt 200.000 frå UNI-stiftelsen dannar fundamentet, men det har vore mange bidragsytarar som vi nemner i fleng:  Surnadal Bygdekvinnelag, Surnadal Sparebank, Surnadalsrussen 2018, Surnadal Kjemiske, Røde kors busstur til Smøla og Vippsaksjon frå bygdefolket – til saman rundt 275.000 kroner.

Surnadal Røde kors er forresten ein av dei som er nominerte til Amfi sin Amfelia og Oskar-pris på 5000 kroner. Her er siste frist for å gje di stemme fredag 21. september kl 12. Trykk på lenkja og stem fram din favoritt: AMFI Surnadal sin Amfelia og Oskar-pris 

Klar for utrykning dersom du hamnar i vatnet ufrivillig! Båten og Bilen står i depotet til Surnadal Røde Kors i Røtet. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. september 2018, 22:54