Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7034 artiklar i dette arkivet.


Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Klokka 9.00 starta dei første deltakarane frå Leikvoll på turen over Vardan og til Todalen. Det er i disse dager 10 år sia førte gong trollheimsmarsjen var arrangert i samband med 100-årsjubileet til I.L. Ulvungen og Todalen I.L.. Men dagens marsj er nr 9 i rekkja, for Marsjen har vore avlyst 2 gong i denne perioden. […]


Ein festdag på Svinvikbrygga

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Det var ein skikkeleg festdag i Svinvikbukta da SuSu-programmet arrangerte rokonkurranse der dei to geitbåtane – Fjordmerra og Hjelmkonnå var sentrale. Det vart stilt to lag for kvar side, første heat var eit lag frå Surnadal vidaregåande skule mot eit lag frå Sunndal Videregående skule, medan 2 heat var eit oppgjør mellom Søya/Todalen på ei side og eit blanda lag fra Sunndal. Her var det fullstendig utklassing og Søya/Todalen kom i mål nesten 2 minutt føre Sunndalslaget. Konkurransen skapte stort engasjement, men samtidig var det eit uhøgtideleg og artig innslag.


Erik perset under UM på Overhalla

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Erik Kårvatn har i helga delteke i Ungdomsmesterskapet (UM) i friidrett på Overhalla i Namdalen, og Erik var teken ut til å løpe 800 meter i klasse G15. Det er 23 deltakarar i klassen hans som har kvalifisert seg til å delta på UM på landsbasis, så det er eit høgt nivå. Erik er inne i sin første sesong på friidrettsbanen og trenar og deltek for Rindal I.L. der det er eit rikt friidrettsmiljø. UM var hans første storstemne så langt.


Sjøsettinga er unnagjort – no blir forma finpussa

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Da er både «Hjelkånå» og «Fjordamerra» sjøsett i båthamna i Todalen og er på veg utover til Svinvika der rokonkurransen skal foregå.  Nå blir forma finpussa og båtane blir klargjort for konkurransen.  Familiedagen i Svinvika startar kl 13.00 og da blir det variert program utover dagen og ikkje minst servering av heimlaga fiskesuppe får Svinvik […]


Stille før stormen i kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 31. august 2018

I kveld var det stille før stormen i Svinvika. Laurdag er det venta storinnrykk til ro-konkurransen og familiedagen på brygga i Svinvika. Det blir både leiar for borna og quizkonkurranse, og ikkje minst blir det servering av heimelaga fiskesuppe og nystekt brød frå Svinvik Gard og Steinovnbakeriet Slettnesset.  SUSU-prosjektet står som arrangør, og arrangementet startar kl 13 og […]


Promoterer MøreRoyal og elementbygg på Dyregoddagane

Jon Olav Ørsal Fredag 31. august 2018

Fredag var første dag for det tradisjonelle messearrangementet i Batnfjord. Trygve Slagsvold Vedum hadde æra av å opne arrangementet som er venta å samle over 20.000 besøkande i løpet av dei 3 dagane det står på. I år er det faktisk fleire utstillarar enn i fjor, det er nok ei stadfesting av at det er mykje publikum og at dei som er der handlar. Talgø MøreTre har stand saman med Byggmakker Bytås og promoterer både MøreRoyal, landbruksbygg, hus og hytter


Klart for Trollheimsmarsjen på søndag.

Jon Olav Ørsal Fredag 31. august 2018

I.L. Ulvungen og Todalen I.L. minner om Trollheimsmarsjen som arrangerast komande søndag og at marsjen denne gongen går frå Ålvundeid til Todalen. Deler av merkinga er alt på plass, og søndag morgon er det klart for start mellom kl 9.00 og 11.00. Det er sett opp ein bussavgang frå Todalen til Ålvundeid, med start frå Bordholmen kl 8.30 og påmelding skje ved starten på Leikvoll.


Stavgangtur til Nordviksetra

Wenche Ø. Kvendset Torsdag 30. august 2018

I dag var en glad gjeng stavgangere på stavgangtur til Nordviksetra. Vi ble møtt med en fin gjeng med firbentente venner som var glad på besøk. Gamle minner fra seterlivet ble krydret med fortelling av Sverre Kjølstad. Etter en lang stopp på setra gikk ferden videre opp mot dammen.


KBK – til fots frå Storlidalen til Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. august 2018

Onsdag var KBK ute på sin årlege sponsortur, der team Thorsen inviterer med næringslivsrepresentanter på ein happening for å få inn sponsormidlar til klubben. Kjetil Thorsen som er dagleg leiar i KBK er kjent for sin kreativitet når han «sanker» pengar til klubben og har gjennom ei årrekkje «gått inn» tilsammen 1,6 mill. til klubben. Denne gongen gikk altså turen frå Storlidalen og over fjellet til Kårvatn i Todalen med rundt 30 «betalande» på slep og med Gudmund Kårvatn som guide og kjentmann.


SuSu: Startar 4 nye år med samarbeid

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2018

Onsdag samla SuSu – samarbeidsorganet for næringsutvikling i dei to kommunane Sunndal og Surnadal – til pressemøte på Sunndalsøra for å orientere om programmet for fortsettelsen av samarbeidet. I helga blir det markering i Svinvika, der det SuSu arrangerer familiedag og rokonkurranse mellom Svinvika og Rakanesset.


Klar for Lykkestund fredag kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2018

Fredagskveldens Lykkestund nærmar seg med stormskritt, og i kveld trefte vi nokre av artistane som hadde rigga til utstyret og prøva lydforholda i Todalen ungdomshus. Onsdag kveld ligg det an til øving for heile gjengen, før det altså blir konsert fredag kveld. Dørene opnar kl 19 og konserten startar kl 20.00, fortel Svanhild Husby som er prosjektleiar og kapellmeister.


«Todalsglimt frå oven» – vi er klar med ein smaksprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. august 2018

Steinar Melby har vist til fulle at han er dyktig både med filming og droneflyging. I sommar har han vore i Todalen fleire gongen for å gjøre videoopptak frå lufta. Melby har fått med seg litt av kvart og har laga ein flott demo med innslag fra dei fleste ting som er sjåverdig i Todalen. Videoen startar naturleg nok ved Nauståfossen og Kårvatn, og arbeider seg nedover bygda heilt til rododendronblomstringa i Svinvika.