Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange bra kamper under Open Dutch i Nederland

Jon Olav Ørsal Sundag 27. januar 2019

Forventningane vart innfridd og vel så det, da Taekwondo-juniorane kjempa i Open Dutch under turen til Nederland i helga. Det var mange bra kampar til tross for litt uheldig trekking når to av våre møtte to EM-vinnarar i første runde. Men skal du vinne så må du slå alle, skriv Kjell Gunnar Polden som har sendt oss bilde og nokre kommentarar.

Vi har hausta mykje erfaring og fått mykje viktig inspirasjon. No må vi trene meir på dei rette tinga, og vi må ha meir mesterskapserfaring skal vi nå toppen i Europa. – Men glede og personleg utvikling er det viktigaste. Det var kanskje litt hardere kontaktnivå i sparringa enn vi går i Norge, men det takla deltakarane rimeleg bra. Mange artige og gode opplevingar på turen sett under ett. Ein ekstra dag i Amsterdam var fint, og Sindre på bilder er godt fornøyd der han står med «gull» på kvar side om det ikkje vart rundt halsen. Begge er tidligere nofo elever.

 

Publisert: 27. januar 2019, 08:57