Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krafttak for utbetring av orgelet i Todalen kyrkje – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019

Den siste tida har det stadig vore gjort utbetringsarbeid på kyrkjeorgelet, utan at det ein har fått til noko varig driftssikkerhet.  Dette har tappa både soknerådet og budsjetta for vedlikehald av kyrkja, utan at det kan seiast å foreligge noko løysing på problemet. No inviterer soknerådet til kronerulling for å få kyrkjeorgelet i akseptabel stand – utfordringa går både til privatpersonar, bedrifter og lag/organisasjonar om å være med på eit krafttak.

Anders Gjeldnes i Todalen sokneråd kjem med ei oppfordring til Todalen.no om å publisere følgende informasjon i saka: 

«Soknerådet, organist Hedda Hansen Berg, Ingeborg Nordlund, orgelbygger Espen Selbæk og Bjørn Vevang var i kveld samla i Todalskyrkja for gjennomgang av tilstanden til orgelet. Orgelet vart i 1995 restaurert. Da vart det bruka opp igjen deler frå det gamle orgelet, men og supplert med ein del nytt og delar frå andre orgel. I tida etter restaureringa har det stadig vore nye reparasjonar. Espen Selbæk er ein av dei beste orgelbyggarane i landet og har bl.a. bygd det nye orgelet i St. Olavs domkyrkje.

Vart det gjort lettvintløysingar når orgelet sist hadde heiloverhaling i 1995? Foto: Anders Gjeldnes

Han seier at det tekniske inne i orgelet no er så godt det kan bli. Men det er fortsatt ein del som gjenstår for å få instrumentet opp på eit akseptabelt nivå. Bl.a. må ein del av pipene justerast for at dei skal kunne stemmast riktig. Slik det er no er det ikkje meir å stemme på. Tangentbrettet med alt tekniske under (sjå bilete der Espen lyser med lommelykt) må også demonterast for å komme til komponentar som ikkje er festa skikkeleg. Det kan sjå ut som det under restaureringa i – 95 vart teke nokre snarvegar og at orgelet aldri har fungert optimalt.

Dette er tidkrevjande arbeid og pengane som Todalen sokneråd har bevilga for formålet er snart oppbruka. Gjennom vedlikehaldsbudsjett for orgel i soknet og bevilgningar frå Fellesrådet er vi eit godt stykke på veg. Men no vil vi få orgelet skikkeleg opp å gå og vil derfor gi folk, bedrifter og foreiningar sjansen til å bidra. Små som store beløp vil bli satt pris på! Om du donerer beløp over kr 500.- kan du få igjen på skatten, da må personnummer eller organisasjonsnummer opplysast om.
Donasjonar kan overførast enten til Todalen sokneråd sin konto: 4040.17.12269 eller ved vipps til #506908. Merk alle innbetalingar med «Orgel Todalen kyrkje«.
 
Todalen sokneråd «
 
Siste: Første 1000-lappen på kontoen!
Allereie fredag føremiddag er den første tusenlappen komen på kontoen, melder Ingeborg Norlund i kyrkjeleg fellesråd. – Todalingane er super handlekraftige, skriv ho i ein e-post til Todalen.no.
Så her er det berre å henge seg på for både privatpersonar, bedrifter og lag/organisasjonar. (Red.)

No trengs det eit skikkeleg krafttak for å få i stand orgelet i Todalen kyrkje. Soknerådet oppfordrar både privatpersonar, bedrifter og lag/organisasjonar om å bli med. Foto: Anders Gjeldnes

Først publisert: 24. januar 2019, 22:43 - Sist oppdatert: 25. januar 2019, 13:02