Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøk rett utafor stuevindauga…

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

No må du sjå ut!  – Det var meldinga frå naboen, og rett utfor stuevindauga var eit rådyr i full gang med å «ribbe» ei barlindbusk.  I nærleiken var det faktisk eit par rådyr til, som ikkje våga seg innom utgarden.

Det er ikkje akkurat så mykje snø, men den snøen som ligg her er ikkje samansett og rådyra små og spisse klover går nok rett til bunns. Barlindbuska som står eit par meter frå terrassen er iallfall veldig fristande og den vil nok få fleire besøk utover vinteren.  For eit par år sia fikk den også gjennomgå og vart nærast ribba til skinnet.  Barlind er nok ikkje førstevalet til for rådyra, men det ser ut som det «går an». 

…ikkje over gjerdet, med gjennom! Foto: Jon Olav Ørsal

Det er ikkje mykje snø enno, men små og spisse klover går rett til bunns! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. januar 2019, 10:50