Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skiftar til nyare breibandsteknologi

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Denne veka har Svorka jobba med vedlikehald av breibandsbasen ved Reiret. Denne basen har hatt ein type 3,5 GHz sendar som no vart skifta til meir moderne AC-teknologi.  Denne basen har den siste tida berre forsynt nokre få brukarar, og dei som er berørt har no fått nye oppgraderte antenner.

Det er i hovudsak kundar ovafor Falla som har fått breibandssignal frå denne basen, og no er den nye sendaren sett i drift.  Dei gamle sendarane med 3,5 GHz frekvensar skal no ut av bruk, og frekvensane skal brukes til andre formål, fortel Lars Arne Gjeldnes hos Svorka Aksess.

Publisert: 31. januar 2019, 10:11