Inviterer til balldag i forsamlingshuset søndag ettermiddag
Nordvik grendalag inviterer søndag 10. november til balldag i forsamlingshuset. Her blir det servering av ball med tilbehør frå kl. 15:00 og utover denne dagen.
Vi fann 7179 artiklar i dette arkivet.
Nordvik grendalag inviterer søndag 10. november til balldag i forsamlingshuset. Her blir det servering av ball med tilbehør frå kl. 15:00 og utover denne dagen.
I Sæterlia «snør» det jamnt og trutt om dagen. No gjeld det å nytte kuldegradane for å produsere ein såle med kunstsnø i alpinbakken, slik at ein har noko å slite på utover vinteren. meteorologane lover iallfall ein kald vêrtype til tysdag eller onsdag så her blir det nok snøproduksjon gjennom heile helga. Men ut i neste veke er det fare for mildvêr igjen med søraustleg vindretning ifølge yr.no
På Hageland opna dei «julebutikken» i dag. Alle julevarer er på plass i butikken og opningsdagen blir markert i alle Hageland på denne dagen. – Aldri har vi vel hatt så flott juleutstilling og så mykje julevarer på plass i butikken som vi har i år, seier May Britt Dyrli. Dette markerer vi på opningsdagen, og fram til og med laurdag, med 30 % rabatt på alle julevarer.
Dette er den største satsinga vi har gjort på Kårvatn Fjellutstyr, seier Gudmund Kårvatn, og legg til at det sjølvsagt er unnateke bygginga av låven der butikken held hus. Den nye nettbutikken blir egentlig felles for forbrukarkundar og forhandlarkundar, men ikkje heilt lik for dei to kundegruppene. Det nye systemet vil forenkle arbeidet for dei som jobbar i butikken og vil frigjere meir tid for aktivt salg og betre service for kundane, seier Kårvatn.
Dårleg vêr og anna trøbbel har hindra asfaltlegging på området utafor Matkroken og Talgøfabrikken på Kvennset. Men i dag var det blå himmel og ein strålande finvêrsdag og dermed troppa mannskap frå Veidekke/Lillerovde opp med utstyr for asfaltlegging i småskala.
Kor, korps, band og solister øver på spreng og er snart klare til Film- og musikalfinale på Surnadal kulturhus. – Dette blir minst like bra som de to foregående konsertene, kanskje den aller beste! Det sier styrelederne Ragna Marie Mauset i Surnadal hornmusikk og Toril Moe i koret VOX under en hektisk, men godt gjennomført øvingshelg i Storstuå i kulturhuset på Skei.
Fredag var det kaffe og blautkake til alle i kantina til Talgø MøreTre i Todalen. Med god grunn kunne dei feire det første kvinnelege fagbrevet på Elementfabrikken. Liv Hoås markerte dermed at læretida er slutt, og fagprøven til tømrarfaget er bestått med glans. Liv har to år bak seg som elev på snekkerlinja på Surnadal Vidaregåande skule og deretter to år som lærling – eit år på Rindalstre As og eit år på Talgø MøreTres elementfabrikk i Todalen.
Butikksjef Jan Bjørnebeth og resten av gjengen på Byggmakker Surnadal og på Hageland Surnadal hadde det travelt da dei arrangerte handlekveld for sine kunder onsdag kveld. Med ekstra kveldsope frå 18 – 21 var det mange kundar som tok turen til butikkane som i tillegg til utvida opningstid kunne by på kake og nystekte vaflar til kaffen og mange god tilbod på utvalgte varer.
Mandag den 28. oktober hadde Indre Nordmøre Forsvarsforening et høytidelig arrangement på Hammerstuene, Surnadalsøra. Anledningen var at foreningens mangeårige styremedlem Johannes J. Vaag, fikk tildelt Norges Skiskytterforbunds hederspris i gull, som den første i Norge. For oss uinnvidde, så handler dette om å greie kravet til skiskyttermerket i et bestemt antall år, og det er […]
Dette har vi venta på så lenge, kan vi godt seie – ein stor jordhaug har sperra utsikten ved Trøbakkan i ein mannsalder. Det har vore aksjonert på fleire måtar for å få den fjerna, til inga nytte. No er den borte og det kan vi nok takke «prosjekt Tursti Toåa» for.
Tirsdag og onsdag blir det redusert framkommelighet på Melavegen ved Bruset på grunn av forberedelser til asfaltarbeid tirsdag og asfaltering onsdag. – Veien er ikke stengt, men det kan påregnes litt ventetid på tirsdag. Onsdag vil vegen bli stengt mens asfalteringen blir gjort ferdig. Det er Veidekke som utfører asfaltarbeidet melder Michal Heimlund ved Surnadal […]
Det var god gammeldags basarstemning da Ski- og friidrettsgruppa arrangerte basar sammen med Trim- og allidrettsgruppa. På denne basaren er det tid for premiering for deltaking både på lagseriestemna, Barn i løypa og andre aktivitetar som har vore arrangert i lysløypa på Tjønnmyran.