Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalspålen og sånn – siste nytt..

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. desember 2019

Det er ikkje alle rekordforsøka som lykke ved første forsøk – men vi har prøvd. Men juletre med lys og lenkjer det blir det. – Men årets utgåve blir på 12 meter, men likevel eit av dei høgaste juletrea i kommunen, smiler Erling Talgø, som har vore primus motor for prosjektet. 

No har vi prøvemontert og testløfta alle lengdene til Todalspålen, men vi ser at tida blir for knapp for oss. Vi må vente til neste år med å få opp heile lengda på 37 meter, for det blir eit basketak og samtidig lyt det brukast list og lempe.
Julelystenninga blir komande søndag ettermiddag, og vi trur «Todalspålen» kjem til å bli lagt merke til, både frå Strandasida og frå Kvennset. – Og sjølvsagt vil alle som har kjøpt kuler og lenkjer få full valuta for pengane sine, for dei er på plass.

Uventa problem på mange felt sette stoppar for rekordforsøket – her pågår reising av årets variant. Foto: Jon Olav Ørsal

I «Prosjekt Todalspålen» har vi møtt på mange utfordringar, fortel Erling, som oppsummerer slik:
• Vanskeleg jobb – spesielt på grunn av at vi held på utpå ein holme. Dermed er det umuleg å få maskinell hjelp innafor økonomiske rammer.
• Vêrgudane har vore ei utfordring, med mørke, nedbør og sterk vind dei siste par helgane.
• For lite tid – etter at vi har prøvd oss litt, så ser vi vel at det er forskjellige ting vi skulle prøvd ut og funne løysingar på tidlegare.
• Den korte ljosdagen som er no på den alle mørkaste årstida, gjev oss ekstra utfordringar
• HMS må takast omsyn til – alle skal tross alt heim til jul. Derfor har det vore uaktuelt å ta sjansar der vi kunne risikere skadar. – Det er kanskje den aller viktigaste grunnen til at vi gir oss for i år.

Vi har imidlertid hatt med oss dyktige fagfolk på mange felt – kompetanse både frå Sollid Mek., Svorka og frå Nordsjøen. Det er fagfolk både på konstruksjon og tekniske løysingar. – Vi rettar ein stor takk til bistand derfrå, og for mykje erfaring og lærdom som vi har fanga opp på vegen. 
Saman har vi no gått gjennom og evaluert det som er gjort og kva vi skulle ha gjort annleis, og vi har ei god plan til neste års prosjekt. – Først og fremst skal vi starta tidlegare, medan det er lengre ljosdag og betre temperatur.

Men vi har vore ein super gjeng, og vi har hatt mykje moro saman. Og vi har jobba godt i lag, og vorte ein godt samansveisa gjeng, seier Talgø. – Og heile gjengen blir med vidare til neste år, for dette skal vi få til …..

Publisert: 18. desember 2019, 10:31