Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

…. og det ble lys

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2019

Presis kl. 18.00 vart lyset tent på Todalspålen på Holmen.  Dermed vart det lys i alle kuler og lenkjer som var selt til sponsorar og privatpersonar på Todalspålen. Lystenninga vart skikkeleg markert med fyrverkeri frå Holmen, og no skal pålen markere jula og nyåret – til saman 30 dagar før lyset blir slått av i slutten av januar.

Todalspålen slik den ser ut frå kaia på Ansnessaga! Foto: Jon Olav Ørsal

Et lite aggregat sørger straum til lyset på pålen som er utstyrt med LED-lys i alle kulene, og slik det står er pålen godt markert som eit juletre og ei stjerne ute på Holmen. Todalspålen har nok vore det store samtaleemnet den siste tida, og er eit flott initiativ som er sett i gang. 

Det er nok ikkje alle rekordforsøk som lykkes første gongen, men «pålegjengen» påstår at dei har lært mykje av dette rekordforsøket, og dei meiner å ha løysinga klar til neste års markering av Todalspålen. Artig at det skjer noko i bygda, så no får vi nyte synet av «12-metere» i 30 dagar!

Publisert: 22. desember 2019, 19:25