Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt snudde sola – endeleg!

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2019

I natt kl. 04.19 snudde sola, og dermed går det definitivt med lysere tider. Her heime er det i dag 5 veker sia sola sa takk for seg og dermed 5 veker til ho kikar fram igjen – nærare bestemt den 27. januar i 2020.  Det er jammen godt å vite at årets kortaste dag er unnagjort, og at det no berre kan gå framover.  Frå Wikipedia har vi saksa litt informasjon om vintersolkverv eller vintersolsnu, så klikkar du på les meir så får du litt meir info. 

Vintersolkverv eller vintersolsnu er den kortaste dagen i året, og er alltid del av vinteren. Kvervet skjer når den nordlege eller sørlege halvkula har størst helling vekk frå sola. I nord er dette gjerne den 21./22. desember og i sør den 21./22. juni. På den motsette halvkula vil same dagen vera sommarsolkverv.
Hendinga er blitt markert som byrjinga på vinteren nokre plassar, som i Kina, der festivalen dong zhi fell på denne dagen. I det nordlege Europa har dagen derimot vore sett på som midtvintersdagen, som ein lenge har feira med jul.

 

Først publisert: 22. desember 2019, 04:19 - Sist oppdatert: 21. desember 2019, 20:27