Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blankis og trafikkaos på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2019

I morgontimane i dag var det blankis med underkjølt regn etter fylkesvegen.  Rundt 15 bilar var involvert i stoppen som skjedde i Åsbøhaugane, der vegbanen var spegelblank.  Lokale krefter – les Ola Magne Nordvik og Oddvar Mikkelsen – redda situasjonen da dei kom til unnsetning med traktorar og strøsand. – Etter kvart kom også strøbil frå Mesta, men det skjedde først mellom kl 9 og 10. 

Tilsaaman var det rundt 15 bilar som var involvert i trafikkorken i Åsbøhaugane. Foto: Privat

– Det var så soleklart ikkje vegstandard som var tilpassa piggfrie dekk eller elbil, var det ein av trafikkantane som kommenterte. Og det er vel et faktum at bruk av piggfrie dekk krever at vegane blir strødd til rett tid. Vi har da etter kvart vorte vant til at vegane blir strødd når det er glatt, og ettersom vi har forstått er det krav om at vegane skal være ferdigstrødd innan 4 timar frå situasjonen oppstår.  Det er ikkje noko urimeleg krav når yr.no melder at det blir glatt og kanskje underkjølt nedbør neste dag så er det lurt å være beredt.

Det var glatt etter fylkesvegen rundt bygda også, men spesielt var det nyasfalten frå Svinvika og heilt utover til Todalskrysset at det var spesielt glatt.  Vi anbefaler iallfall på det sterkeste å ta det med ro når det er slikt føre som det er i dag. Heldig gikk det ikke på skade verken på folk eller bilar denne gongen, men det var kanskje flaks?

Publisert: 20. desember 2019, 10:46