Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7039 artiklar i dette arkivet.


Ei veke att til valet på nytt kommunestyre og nytt fylkesting

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Valet nærmar seg fort, og det er berre ei veke att før vi skal gå til vallokala og si vår meining i form av stemmegjeving. I dag var Surnadal Arbeidarparti på Todalsvisitt, med stand utafor Matkroken L. Hals.


Ap-stand i Todalen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Surnadal Arbeidarparti melder at ordførarkandidat Annett Ranes og fleire dyktige kandidatar står på stand ved Matkroken i Todalen i dag, og er der i butikkens opningstid på ettermiddagen (frå kl. 16 – 18.) Velkomen!   Surnadal Ap er medlem i Todalen.no


Mykje hjort på innmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2019

Etter kvart som det har vorte litt mørkare kveldar har det auka på med hjort på innmark. Det er mest koller og kalvar som «tek sjansen» på saftige beiter på innmarka. Men eit lite varsko til billistar som ferdes etter vegane på kveldstid – kjør forsiktig, for hjorten kjem fort og da har du den lett oppå panseret!


Kleivatur for stavgangarane

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2019

Torsdag var det planlagt stavgangtur til Sjøasætervatnet, men regn og gråvêr gjorde reserveløysinga med tur til Kleiva i staden vart aktuell. Derfor vart det start frå kulturhuset og oppover bakkane til Kleiva.


Imponert over ei livskraftig bygd

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2019

SV politikaren Yvonne Wold har i kveld vore på snarvisitt i Surnadal og i Todalen for å gjera seg kjent. Wold er frå Åndalsnes og er tilknytta Sosialistisk Venstreparti både som SVs ordførarkandidat i Rauma og som SVs førstekandidat til fylkestingen i Møre og Romsdal.


3.-slått i kappløp med vêrmeldinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2019

Denne veka har vore full fart med 3.-slåtten. Det har vore gode forhold for grasvoksteren, og det ser ut til å bli bra avlingar. Dermed er det slett ikkje formangel slik at var i 2018, da fleire måtte redusere besetninga for å få foret til å strekke til.


Kulturskolen på Indre Nordmøre har noen ledige elevplasser.

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2019

Vi har noen få ledige plasser på visuelle kunstfag i både Rindal og Surnadal. – Drama/teater ønsker særlig flere ungdommer til gruppa i Surnadal. Gitar, slagverk, elbass, band har noen ledige plasser. Her kan voksne også søke. Korpsaspiranter kan også fortsatt melde seg på.


Inviterer på tur til Røros med Surnadal Pensjonistlag – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2019

Bergstaden er kjent for gruver og minne etter fleire hundre års kopparutvinning. Bykjernen er godt teken vare på og veldig triveleg å vandre i. Omvisning til kjente landemerke. Vi startar frå kulturhuset på Skei mandag 23.9. kl. 0900 med retur tysdag 24.9.


Bli med Stangvik historielag på historisk vandring

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2019

Tur til Øversetra på Hamnes laurdag den 31. august, med oppmøte ved Jørristufjøset på Årnes kl 11. Parkering blir anvist, og ein kan samkjøre herifrå til startstedet på Hamnes. Turen blir arrangert i samarbeid med turstigruppa på Årnes.


Anleggsstart for Toåa Tursti

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2019

I dag startar arbeidet med bygginga av Toåa Tursti, som er prosjektert frå Trøbakkan til Båthølen og vidare nedover til Halsabrua. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og er altså i gang med å etablere transportveg frå Trøbakkan og ned til utløpet for Haukåa der det etter kvart skal bli uttak av masse frå Toåa.


Videoen frå Kårvatn Sky Run er klar – sjå den her!

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2019

Det ble gjort videoopptak frå gårdagens arrangement – Kårvatn Sky Run.  No er filmen klar, og du kan sjå den her på Todalen.no.  Du kan berre klikke på linken for Kårvatn Sky Run, så er du i gang!  Haakon Lundkvist Photography har laga ein film frå dagen. Sjå, nyt og gled deg til neste år, […]


Bruk røysteretten din på valdagen, men kva med slengarar?

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2019

I Surnadal er det rundt 4500 røysteføre personar som kan gå til valurnene måndag 9. september. I Surnadal er også vallokalet ope søndag 8. september, der røysteføre frå heile kommunen kan røyste denne dagen. Elles er det mulig å førehandrøyste på kommunehuset fram til 6. september. Reglane for førehandsrøysting på kommunehuset og røysting i institusjonane kan du lese meir om her.