Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pass deg for gammelvegen rundt Kammen

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. februar 2020

I samband med at det var store nedbørsmengder har det gått eit par små ras i gammelvegen i Vika mellom Snøya og Svinvika. Det er både trær, røter, stein og jord som har rasa ned på vegen eit par plassar. Det er ikkje så mykje at vegen er stengt, med ein bør være litt forsiktig – spesielt dersom det kjem snø.

Gammelvegen som går frå Snøya og rundt Kammen er ikkje vinterbrøyta, men det er no fritt for snø på denne strekninga. Søndag er det meldt ein del regn, og da er det nok lurt å halde seg unna denne nedlagte vegstrekninga og vær merksam på at du køyrer på eige ansvar!

Publisert: 1. februar 2020, 15:13